Semestre
TOD101 Teaterproduksjon 1: Realistisk teater
Emnekode:
TOD101
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
15
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester:
2021 Haust
Eksamenssemester:
2021 Haust
Undervisningsspråk:
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Om emnet
Teaterproduksjon 1 er eit introduksjonsemne til teaterproduksjon, med fokus på ensemblespill i den realistiske tradisjonen. Emnet tek utgangspunkt i Stanislavskij og Strasbergs metodar.
Studentane vil jobbe med:
- Grunntrening for kropp og stemme.
- Ensemblebygging og skodespelarteknikk
- Teateropplevingar.
- Iscenesettjing av dramatiske tekster.
- Skriftleg refleksjon og logg.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi i realistisk teaterproduksjon
- har kunnskap om scenekunstens verkemiddel og funksjonar
- har grunnleggjande kunnskap om reflekterande logg og akademisk skriving
Ferdigheiter
Studenten
- kan formidle ein karakters mål og funksjon i eit dramatisk verk, gjennom interaksjon i samspill
- kan arbeide praktisk-metodisk som scenekunstnar innan realistisk spelestil og sjanger
- kan nytte fagterminologi og reflektere over teaterproduksjonar og eige arbeid både munnleg og skriftleg
Generell kompetanse
Studenten
- har sjølvstendige rutinar for oppvarming og vedlikehald av kropp og stemme
- kan samarbeide med faglærar og medstudentar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk, digitalt og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Emnet inneheld ei mindre studiereise, til eigen kostnad.
- Alternativt opplegg vert tilbydd etter søknad.
Vilkår for å framstille seg til eksamen
a) Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
b) Arbeidskrav:
- Ei individuell skriftleg oppgåve på omlag 1500 ord, med obligatorisk rettleiing.
- Ei godkjent framsyning på Husteater, med reflekterande logg
Alle arbeidskrav har 2 forsøk
Sensorordning
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Evaluering og kvalitetssikring
Minimumstal:
10
Maksimumstal:
24
Emneansvarleg:
Raymond Corrado Knutsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Teater og drama - årsstudium
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell | 4 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 70 | Kunstnarleg scenisk framsyning i heil klasse, for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med individuell karakter. | Alle | 60 minutt |
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Studenten skal ut frå eige arbeid reflektere og drøfte ulike faktorar frå framsyninga i lys av aktuell teori. | Alle | 1000-1500 ord |
Godkjent av:
Unni Hagen