Semestre
TOD102 Teaterkunnskap
Ingen.
Emnet er eit introduksjonsemne til arbeid med tekst og teater, og har fokus på å gje studentane kompetanse i å lese og forstå dramatikk med tanke på iscenesettelse. Undervisninga gir ein introduksjon til utvaldte delar av det europeiske teatret si historie, i tillegg til ei innføring i akademisk skriving og dramaturgisk analyse.
Studentane vil jobbe med m.a:
- Tekstforståing og dramaturgi.
- Teaterkunnskap.
- Akademisk skriving, tolking og analyse.
- Diskusjon og iscenesetjing av utdrag frå ulike skodespel.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om teater og utvalde delar av den europeiske teaterhistoria
- har grunnleggjande kunnskap om analyse og akademisk skriving
Studenten
- kan nytte kunnskapane til å analysere og tolke dramatiske tekstar med tanke på iscenesetjing
- har grunnleggjande ferdigheiter i akademisk skriving
- kan nytte analyse og tolking til å framstille scenisk materiale
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
- kan samarbeide med andre om å utvikle fagtekst
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- forelesningar
- seminar og verkstader
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Ei skriftleg oppgåve på omlag 2000 ord
- Ein presentasjon av fagstoff
Alle arbeidskrav har 2 forsøk
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Språk og litteratur - bachelor
- Teater og drama - årsstudium
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 7 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Ei skriftleg heimeoppgåve | Alle | 2000-2500 ord |