Semestre
TOD102 Teaterkunnskap
Ingen.
Emnet er eit introduksjonsemne til arbeid med tekst og teater, og har fokus på å gje studentane kompetanse i å lese og forstå dramatikk med tanke på iscenesettjing.
Undervisningen gir ein introduksjon til utvalgte deler av det europeiske teatret si historie, i tillegg til ei innføring i akademisk skriving og teateranalyse.
Studentane vil jobbe med:
- Tekstforståing og dramaturgi.
- Praktisk arbeid knytt til utvalde sjangrar og epoker.
- Akademisk skriving og teateranalyse.
- Diskusjon og iscenesetjing av utdrag frå ulike skodespel.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om deler av den europeiske teaterhistoria.
- har grunnleggjande kunnskap om teaterorientert tekstanalyse og akademisk skriving.
- har kunnskap om utvalde teaterepokers spelestil og kommunikasjonsform.
Studenten
- kan setje dramatikk og teaterframsyningar inn i ein historisk kontekst.
- har grunnleggjande ferdigheiter i akademisk skriving, og tolking og analyse av dramatiske tekstar.
- kan bruke analyse og tolking til å framstille scenisk materiale.
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstadar
- førelesingar
- praktisk undervisning
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
Emnet inneheld ei mindre studiereise, samt 1-2 teaterframsyningar til eigen kostnad.
- Alternativt opplegg vert tilbydd etter søknad.
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Eit individuelt essay, knytt til ei teaterhistorisk epoke på 2000 ord, med obligatorisk rettleiing
- Ei godkjend framsyning på Husteater.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlevering av manus gjer ei avgift på kr.200,- per manus.
- Teater og drama - årsstudium
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 7 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Digital eksamen. Eit individuelt essay, knytt til teateranalyse. | Alle | 2000 ord |