Semestre

TOD102 Teaterkunnskap

Emnekode: 
TOD102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet er eit introduksjonsemne til arbeid med tekst og teater, og har fokus på å gje studentane kompetanse i å lese og forstå dramatikk med tanke på iscenesettjing.
Undervisningen gir og ein introduksjon til det europeiske teatret si historie, med fordjuping i utvalde genre og historiske kontekstar, i tillegg til ei innføring i akademisk skiriving og teateranalyse.
Studentane vil jobbe med:

  • Tekstforståing og dramaturgi.
  • Praktisk arbeid med Commedia dell'Arte.
  • Akademisk skriving og teateranalyse.
  • Iscenesetjing av utdrag frå ulike manus frå teaterhistoria.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har generell kunnskap om europeisk teaterhistorie.
  • har grunnleggjande kunnskap om teaterorientert tekstanalyse og akademisk skriving.
  • har kunnskap om utvalde teaterepokers spelestil og kommunikasjonsform.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan setje dramatikk og teaterframsyningar inn i ein historisk kontekst.
  • har grunnleggjande ferdigheiter i akademisk skriving, og tolking og analyse av dramatiske tekstar.
  • kan bruke analyse og tolking til å skape og framstille scenisk materiale.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstadar
  • førelesingar
  • praktisk undervisning 
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
Emnet inneheld ei mindre studiereise, samt 2-3 teaterframsyningar, til eigen kostnad.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Arbeidskrav:

  • Eit individuelt essay, knytt til ei teaterhistorisk epoke på 2000 ord, med obligatorisk rettleiing
  • Ei godkjend framsyning på Husteater.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Vibeke Preus
Materialavgift

Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlevering av manus gjer ei avgift på kr.200,- per manus.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Forteljing og teaterproduksjon
  • Teater og drama - årsstudium
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen. Eit individuelt essay, knytt til teateranalyse.
Alle
2000 ord
Godkjent av: 
Aud Folkestad