Semestre

TOD102 Teaterkunnskap

Emnekode: 
TOD102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet er eit introduksjonsemne til arbeid med tekst og teater, og har fokus på å gje studentane kompetanse i å lese og forstå dramatikk.
Undervisninga gir ein introduksjon til utvaldte delar av det europeiske teatret si historie, i tillegg til ei innføring i akademisk skriving og analyse.
Studentane vil jobbe med:

  • Tekstforståing og dramaturgi.
  • Teaterkunnskap.
  • Praktisk arbeid knytt til utvalde sjangrar og epoker.
  • Akademisk skriving og tekstanalyse.
  • Diskusjon og iscenesetjing av utdrag frå ulike skodespel.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om teater og utvalde delar av den europeiske teaterhistoria
  • har grunnleggjande kunnskap om tekstanalyse og akademisk skriving
  • har kunnskap om utvalde teaterepokers spelestil og kommunikasjonsform
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskapane til å diskutere dramatikk knytt til teaterhistoriske periodar
  • har grunnleggjande ferdigheiter i akademisk skriving, og tolking og analyse av dramatiske tekstar
  • kan nytte analyse og tolking til å framstille scenisk materiale
Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstader
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Arbeidskrav:

  • Ei individuel oppgåve, knytt til dramatikk på 2000 ord, med obligatorisk rettleiing
  • Ei godkjend framsyning på Husteater.
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
24
Emneansvarleg: 
Wenche Torrissen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - årsstudium
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen. Eit individuelt essay.
Alle
2000 ord
Godkjent av: 
Unni Hagen