Semestre
TOD102 Teaterkunnskap
Ingen.
Emnet er eit introduksjonsemne til arbeid med tekst og teater, og har fokus på å gje ei introduksjon til det europeiske teatret si historie. Emnet skal også gje ei fordjuping i utvalde genre og historiske kontekstar, og ei innføring i analyse av dramatiske tekster knytt til ulike teaterhistoriske periodar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har generell kunnskap om europeisk teaterhistorie.
- har grunnleggjande kunnskap om teaterorientert tekstanalyse.
- har kunnskap om utvalde teaterepokers spillestil og kommunikasjonsform.
Studenten
- kan setje dramatikk og teaterframsyningar inn i ein historisk kontekst.
- har grunnleggjande ferdigheiter i tolkning og analyse av dramatiske tekstar.
- kan skape meningsbærande formidling gjennom analytisk forståing av tekst.
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
Undervisninga vil ha ulike former som:
- seminar
- workshops
- førelesingar
- framføringar
- quiz
- sjølvstudium
- gruppearbeid
Studenten må også delta på ei mindre studiereise saman med TOD101, og 2-3 teaterframsyningar, til eigen kostand.
Frammøtekrav:
- Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%.
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav:
- Eit individuelt essay, knytt til ei teaterhistorisk epoke på 2500 ord.
- To godkjende framvisingar, såkalla Husteater.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlevering av manus gjer ei avgift på kr.100,- per manus.
- Forteljing og teaterproduksjon
- Teater og drama - årsstudium
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 7 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Digital eksamen. Eit individuelt essay, knytt til teateranalyse. | Alle | 2500 ord |