Semesters

TOD108 Teater og helse: Anvendt teater

Course code: 
TOD108
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
Assessment semester: 
2018 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
TOD101 Theatre production 1: Building the ensemble
TOD102 Theatre knowledge
TOD103 Theatre production 2: From realism to modernism
TOD201 Theatre production 5: Contemporary theatre
Required prerequisite knowledge

60stp i teater og dramafag, med minimum 45stp i teaterproduksjon.

 

Course content

Teater og helse gir kompetanse i korleis teater kan nyttast på ei systematisk måte i helse- og omsorgsfagleg arbeid, og kva for effektar dette kan gje.
Emnet inneheld eit kunstfagleg samarbeidsprosjekt mellom ei gruppe studentar og ein valt samfunnsarena (t.d. eldresenter, kultursenter, sjukehus, barnehage osb.).
Studentane skal utvikle ei grunnleggjande fasilitatorkompetanse, med tanke på leiing av anvendte teaterprosjekt i samfunnet.
Studentane skal lære om m.a.:

  • Kunstfagleg forsking og utviklingsarbeid.
  • Utvikling av forpliktande samarbeid.
  • Forum teater.
  • Devised teaterprosessar.
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om anvendt teater som kunstpedagogisk filosofi og felt.

  • har kunnskap om samarbeidsprosessar, og korleis teaterprosessar kan gjennomførast på brukarane sine premiss.

  • har kunnskap om den systematiske bruken av teaterproduksjonsprosessen i ei helsekontekst i Noreg og Europa.

Learning outcome skills

Studenten

  • kan demonstrere skodespelkompetanse, og meistre uttrykksformane til fagområdet.

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere utviklingsprosjekt i anvendt teater, i samarbeid med instansar i samfunnet. 

  • kan kombinere form og innhald på ei kunstnarleg medviten måte, og formidle innan ei valt helsekontekst.

Learning outcome qualification

Studenten

  • kan reflektere over sentrale val i produksjonsprosessen og grunngje desse i lys av teori og praksis.

  • har innsikt i relevante faglege, og yrkesetiske problemstillingar innan anvendt teater.

Working and learning activities

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstadar
  • førelesingar
  • praktisk undervisning 
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 
     

Arbeidskrav:

  • Ei godkjend gruppeframsyning i Forum teater.
  • Ei godkjend midveis vurdering av det kunstneriske utviklingsarbeidet.
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimum number of students: 
4
Maximum number of students: 
15
Person in charge: 
Wenche Torrissen
Expenses

Used in other programs
  • Theatre and Drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Rapport
Individual
1 Week
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
30
Ei refleksjonsoppgåve, der evaluering av teaterprosjektet skal drøftast opp mot teori.
Alle
2500 ord.
Praktisk eksamen
Group
4-6 Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
70
Eksamen skal gjennomførast i samarbeid med ei samfunnsarena utanfor studiestaden, og er eit teaterprosjekt for/med aktørar på den valde arenaen.
30 til 90 minutter
Approval signature: 
Aud Folkestad