Semestre

TOD203 Bacheloroppgåve: Vitskapsteori, metode og kunstnarleg utviklingsarbeid

Emnekode: 
TOD203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

80 stp. i teater- og dramafag, med eit minimum av 15 stp. teaterkunnskap og 45 stp. i teaterproduksjon der 15 stp. må vere på 200-nivå.

Om emnet

TOD203 er eit emne som skal gje studenten ei innføring i vitskapsteori og filosofi, akademisk skriving, teatervitskapelege forskingsmetodar og kunstnarleg forsking.
Hovudfokus skal være eit sjølvstendig kunstforsknings prosjekt, der studenten skal velje tematikk/problemformulering frå ei av fordjupingane i studiet. 
Prosjektet skal utvikle både den kunstnarlege kompetansen, og evna til akademisk refleksjon og skriftleggjering av eigen praksis.
Studentane skal m.a.:

  • få ei innføring i vitskapleg metode, vitskapsteori og filosofi
  • få ei innføring i teatervitskaplege forskingsmetodar og kunstnarleg forsking.
  • samle inn og vurdere kjelder og litteratur
  • skrive ei forskingsoppgåve der studenten skal velje tematikk/problemformulering frå ei av fordjupingane i studie
  • utforske tematikken/problemformuleringen frå oppgåva i eit kunstnarleg forskingsarbeid, som skal ende med ei kunstnarleg framsyning
  • reflektere over eigne funn i eit munnleg paper
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om eit sjølvvalt tema innan teater- og dramafaget
  • kjenner til nyare forsking og utviklingsarbeid innan utvalde delar av teater- og dramafaget
  • har kunnskap om utvalde forskingstradisjonar og metodar som er aktuelle innan fagfeltet
     
Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere kritisk og systematisk innanfor fordjupingsemnet
  • kan utvikle ein strukturert akademisk tekst, som svarar på eiga problemformulering, og finne fram til relevant litteratur og forsking
  • kan anvende sin fagkompetanse praktisk innanfor fordjupningsemne
  • kan planleggje, gjennomføre og kritisk analysere eigen kunstnarleg framsyning 

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan vurdere eige arbeid, med tanke på både prosess og produkt
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
  • har skrivetekniske ferdigheiter som førebuing til ei masteroppgåve 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er basert på sjølvstendig individuelt arbeid under obligatorisk rettleiing av faglærar. Undervisinga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og vil ha ulike former som: 

  • seminar og verkstad
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • sjølvstudium
  • førelesingar
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav:

  1. Eit skriftleg arbeidskrav. 
  2. Eit visningsseminar der skissa for det kunstnarlege utviklingsprosjektet vert presentert, og deler av utviklingsarbeidet visast performativt. Studentane skal gi tilbakemelding til kvarandre.

Alle arbeidskrav har 2 forsøk 

Sensorordning
Minimumstal: 
4
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Vibeke Preus
Hege Holmqvist Synnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell eller gruppe (etter avtale)
4-6 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
30
Ei skriftleg forskingsoppgåve
Alle
6-10000 ord.
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
4-6 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Framsyning av eit kunstnarleg utviklingsarbeid, som byggjar på funn frå forskingsoppgåva.
Framsyninga og forskingsoppgåva må begge vere godkjend for å få gjennomføre den munnlege eksamenen.
Alle
Framsyninga: Omlag 30- 90 minutt.
Munnleg eksamen
Individuell
20 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
20
Den munnlege eksamenen er eit framlegg der studenten skal forsvare og forklare samanhengen mellom forskningsoppgåva og den kunstnarlege framsyninga .
Eigne notatar
20 - 30 minutt.
Godkjent av: 
Unni Hagen