Semestre

TOD203 Bacheloroppgåve: Vitskapsteori, metode og kunstnarleg utviklingsarbeid

Emnekode: 
TOD203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

90 stp. i teater- og dramafag, med eit minimum av 15 stp. teaterkunnskap, 45 stp. i teaterproduksjon og 15 stp. på 200-nivå.

Om emnet

TOD203 er eit emne som skal gje studenten ei innføring i vitskapsteori, filosofi, akademisk skriving og teatervitskapelege forskingstradisjonar og metodar.
Hovudfokus skal være ei sjølvstendig vitenskapleg oppgåve der studenten skal velje tematikk/problemformulering frå ei av fordjupingane i studiet. 
Studenten skal arbeide sjølvstendig og utvikle både den kunstnarlege kompetansen, og evna til akademisk refleksjon og skriftleggjering av eigen praksis.
Studentane skal m.a.:

  • få ei innføring i vitskapleg metode, vitskapsteori og filosofi
  • få ei innføring i teater- og dramavitskaplege forskingstradisjonar og metodar
  • fordjupe seg i, og vidareutvikle eigen kompetanse innan ein valt tematikk
  • velje ut og vidareutvikle ei problemformulering
  • samle inn og vurdere kjelder og litteratur
  • skal skrive ei bacheloroppgåve  der studenten skal velje tematikk/problemformulering frå ei av fordjupingane i studie
  • presentere/utforske tematikken i ein kunstnarleg eller kunstpedagogisk presentasjon
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om eit sjølvvalt tema innan teater- og dramafaget
  • kjenner til nyare forsking og utviklingsarbeid innan utvalde delar av teater- og dramafaget
  • har kunnskap om utvalde forskingstradisjonar og metodar som er aktuelle innan fagfeltet
     
Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere kritisk og systematisk innanfor fordjupingsemnet
  • kan utvikle ein strukturert akademisk tekst, som svarar på eiga problemformulering, og finne fram til relevant litteratur og forsking
  • kan anvende sin fagkompetanse innanfor fordjupningsemne
  • kan planleggje, gjennomføre og kritisk analysere eit sjølvstendig utviklingsarbeid innan fagfeltet 

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan vurdere eige arbeid, med tanke på både prosess og produkt
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
  • har skrivetekniske ferdigheiter som førebuing til ei masteroppgåve seinare
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er basert på sjølvstendig individuelt arbeid under obligatorisk rettleiing av faglærar. Undervisinga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og vil ha ulike former som: 

  • seminar og verkstad
  • praktisk undervisning
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • sjølvstudium
  • førelesingar
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Eit skrifteleg arbeidskrav i vitskapteori og filosofi.
  2. Ei mappe med 6 separate innleveringar
  3. Eit praktisk seminarinnlegg der skissa for det kunstnarlege utviklingsprosjektet vert presentert, og deler av utviklingsarbeidet visast performativt.

Alle arbeidskrav har 2 forsøk 

Sensorordning
Minimumstal: 
4
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Vibeke Preus
Wenche Torrissen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell
4-6 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Ei skriftleg forskingsoppgåve
7-8000 ord.
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
4-6 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Kunstnarleg framsyning som utforskar tematikken i forskningsoppgåva
Framsyninga: Omlag 30-40 minutt.
Munnleg eksamen
Individuell
20 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
20
Den munnlege samtalen skal forsvare og forklare samanhengen mellom forskningsoppgåva og kunstnarlege framsyninga .
Eigne notatar
20 minutt.
Godkjent av: 
Unni Hagen