Semestre
TOD203 Bacheloroppgåve: Vitskapsteori, metode og kunstnarleg utviklingsarbeid
90 stp. i teater- og dramafag, med eit minimum av 15 stp. teaterkunnskap, 45 stp. i teaterproduksjon og 15 stp. på 200-nivå.
TOD203 er eit emne som skal gje studenten ei innføring i vitskapsteori, filosofi, akademisk skriving og teatervitskapelege forskingstradisjonar og metodar.
Hovudfokus skal være ei sjølvstendig vitenskapleg oppgåve der studenten skal velje tematikk/problemstilling frå ei av fordjupingane i studiet.
Studenten skal arbeide sjølvstendig og utvikle både den kunstnarlege kompetansen, og evna til akademisk refleksjon og skriftleggjering av eigen praksis.
Studentane skal m.a.:
- få ei innføring i vitskapleg metode, vitskapsteori og filosofi
- få ei innføring i teater- og dramavitskaplege forskingstradisjonar og metodar
- fordjupe seg i, og vidareutvikle eigen kompetanse innan ein valt tematikk
- velje ut og vidareutvikle ei problemstilling
- samle inn og vurdere kjelder og litteratur
- skal skrive ei bacheloroppgåve der studenten skal velje tematikk/problemstilling frå ei av fordjupingane i studie
- presentere/utforske tematikken i ein kunstnarleg eller kunstpedagogisk presentasjon
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har inngåande kunnskap om eit sjølvvalt tema innan teater- og dramafaget
- kjenner til nyare forsking og utviklingsarbeid innan utvalde delar av teater- og dramafaget
- kan reflektere kritisk og systematisk innanfor fordjupingsemnet
- har kunnskap om utvalde forskingstradisjonar og metodar som er aktuelle innan fagfeltet
Studenten
- kan utvikle ein strukturert akademisk tekst, som svarar på eiga problemstilling, og finne fram til relevant litteratur og forsking
- kan anvende sin fagkompetanse innanfor fordjupningsemne
- kan planleggje, gjennomføre og kritisk analysere eit sjølvstendig utviklingsarbeid innan fagfeltet
Studenten:
- kan vurdere eige arbeid, med tanke på både prosess og produkt
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
- har skrivetekniske ferdigheiter som førebuing til ei masteroppgåve seinare
Emnet er basert på sjølvstendig individuelt arbeid under obligatorisk rettleiing av faglærar. Undervisinga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og vil ha ulike former som:
- seminar og verkstad
- praktisk undervisning
- framsyningar
- gruppearbeid
- sjølvstudium
- førelesingar
Frammøtekrav:
All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Eit skrifteleg arbeidskrav i vitskapteori og filosofi.
- Ei mappe med 6 separate innleveringar:
- Problemområde, og refleksjonar rundt vala.
- Fokus for oppgåva med ei kort grunngjeving og forklaring.
- Oversikt over kva kjelder og litteratur oppgåva skal byggje på, og kva for metodar som skal nyttast.
- Presentasjon av tidlegare forsking på området
- Innleiinga av bacheloroppgåva.
- Disposisjon av bacheloroppgåva.
- Eit praktisk seminarinnlegg der skissa for det kunstnarlege utviklingsprosjektet vert presentert, og deler av utviklingsarbeidet visast performativt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | 5-7 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Ei skriftleg forskingsoppgåve | 7-8000 ord. | |
Praktisk eksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 8-10 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Kunstnarleg framsyning som utforskar tematikken i forskningsoppgåva | Framsyninga: Omlag 30-40 minutt. | |
Munnleg eksamen | Individuell | 30-40 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 20 | Den munnlege samtalen skal forsvare og forklare samanhengen mellom forskningsoppgåva og kunstnarlege framsyninga . | Eigne notatar | 20 minutt. |