Semestre

TOD203 Bacheloroppgåve: Vitskapsteori, metode og kunstnarleg utviklingsarbeid

Emnekode: 
TOD203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Bachelor Thesis: Science, method and artistic research
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

90stp i teater- og dramafag, med eit minimum av 15stp teaterkunnskap, 45stp i teaterproduksjon og 15stp på 200-nivå.

Om emnet

TOD203 er eit emne som skal gje studenten ei innføring i vitskapsteori, filosofi, akademisk skriving og teatervitskapelege forskingstradisjonar og metodar.
Hovudfokus for emnet skal vere eit kunstnarleg utviklingsarbeid, der studenten skal velje tematikk/problemstilling frå ei av fordjupingane i studiet.
Studenten skal arbeide sjølvstendig og utvikle både den kunstnarlege kompetansen, og evna til akademisk refleksjon og skriftleggjering av eigen praksis.
Studentane skal m.a.:

  • få ei innføring i vitskapleg metode, vitskapsteori og filosofi.
  • få ei innføring i teater- og dramavitskaplege forskingstradisjonar og metodar.
  • fordjupe seg i, og vidareutvikle eigen kompetanse innan ein valt tematikk.
  • velje ut og vidareutvikle ei problemstilling.
  • samle inn og vurdere kjelder og litteratur.
  • presentere/utforske tematikken i ein kunstnarleg eller kunstpedagogisk presentasjon.
  • skrive ei bacheloroppgåve som presenterer og evaluerer det kunstnarlege utviklingsarbeidet.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om eit sjølvvalt tema innan teater- og dramafaget.
  • kjenner til nyare forsking og utviklingsarbeid innan teater- og dramafaget.
  • kan reflektere kritisk og systematisk innanfor fordjupingsemnet.
  • har kunnskap om utvalde forskingstradisjonar og metodar som er aktuelle innan fagfeltet.
     
Ferdigheiter

Studenten

  • kan anvende sin fagkompetanse på praktiske problemstillingar.
  • kan planleggje, gjennomføre og kritisk analysere eit sjølvstendig utviklingsarbeid innan fagfeltet, og finne fram til relevant litteratur og forsking.
  • kan presentere og utforske tematikk i ei høveleg kunstnarleg form.
  • kan utvikle ein strukturert akademisk tekst, som svarar på eigen problemstilling.

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan vurdere eige arbeid, med tanke på både prosess og produkt.
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis.
  • har skrivetekniske ferdigheiter som førebuing til ei masteroppgåve seinare.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er basert på sjølvstendig individuelt arbeid under obligatorisk rettleiing av faglærar. Undervisinga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og vil ha ulike former som: 

  • seminar og verkstad
  • praktisk undervisning
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • sjølvstudium
  • førelesingar.
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Ei 4 timer lang individuell prøve i vitskapteori og filosofi.
  2. Ei mappe med 6 separate innleveringar:
    1. Problemområde, og refleksjonar rundt vala.
    2. Problemstilling, med ei kort grunngjeving og forklaring.
    3. Oversikt over kva kjelder og litteratur oppgåva skal byggje på, og kva for metodar som skal nyttast.
    4. Presentasjon av tidlegare forsking på området
    5. Innleiinga av bacheloroppgåva.
    6. Disposisjon av bacheloroppgåva.
  3. Eit praktisk seminarinnlegg der skissa for det kunstnarlege utviklingsprosjektet vert presentert, og deler av utviklingsarbeidet visast performativt.
  4. Akademisk logg over det kunstnarlege utviklingsprosjektet, med midtveis innlevering til faglærar.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
4
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Vibeke Preus
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell
5-7 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Ei skriftleg forskingsoppgåve som presenterer det kunstarlege utviklingsarbeidet, drøfter funna og evaluerer prosessen.
7-8000 ord.
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
8-10 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Kunstnarleg framsyning som utforskar tematikken i utviklingsarbeidet.
Framsyninga: Omlag 30-40 minutt.
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
10
Den munnlege samtalen skal forsvare og forklare utviklingsarbeidet.
Eigne notatar
20 minutt.
Godkjent av: 
Aud Folkestad