Semesters
ANI205 Animasjon 5
Alle må fullføre ANI113, ANT101 og ANT102 for å kunne ta emnet. I tillegg må enten ANI201 eller ANI202 vere fullført.
Dette emnet strekker seg over to semester, og består hovudsakleg av planlegging og gjennomføring av eit større, sjølvstendig animasjonsprosjekt. Dette kan vere alt frå klassisk forteljande animasjonsfilm til eksperimentelle uttrykk, der en utforskar eit tema eller eit spørsmål. Det kan også ta form av dokumentar, informasjonsfilm, interaktive produksjonar, showreel osv. Ein kan jobbe åleine eller i gruppe med det sjølvvalde prosjektet. Etter å ha gjennomført preproduksjon, produksjon og postproduksjon skal ein ha laga eit ferdig animasjonsverk som leverast som eksamensproduksjon. Ein vil få utdelt ein rettleiar som følger opp prosjektet.
Studentane skal også reflektere over produksjonen i eit refleksjonsskriv som dei leverer saman med eksamensproduksjonen, og som er rettleiande for den endelege karakteren. Ein vel eit sjølvvald pensum, som er meint å gi refleksjonane ein teoretisk basis.
Emnet gir også studentane kunnskap om animasjonsbransjen og om ulike moglegheiter som praktiserande animatør, for å klargjere dei til tida etter bachelorstudiet. Dette inneber innføring i å pitche, å budsjettere eit prosjekt og å utvikle ein festivalstrategi eller liknande.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane skal
- ha forståing for produksjonsprosessen som ligg bak eit animasjonsprosjekt
- ha kunnskap om sentrale designprinsipp i animasjon
- ha kunnskap om sentrale sider ved den norske og internasjonale animasjonsbransjen, og si eiga rolle og eigne moglegheiter som animatør i denne samanhengen
- ha grunnleggande innsikt i kunstnarisk utvikling som felt innan forsking og høgare utdanning
- ha kunnskap om korleis kortfilm distribuerast gjennom filmfestivalar
Studentane skal kunne
- ha hovudansvaret for planlegging og gjennomføring av eit større animasjonsprosjekt innan ei fastsett tidsramme
- reflektere over denne produksjonen i ei skriftleg, akademisk form
- bruke arbeidsmetoder og teknikkar for å utvikle et konsept og strukturere et verk basert på dette konseptet (dette kan for eksempel ta form av historieforteljing, design og karakteranimasjon, men også av meir ukonvensjonelle tilnærmingar til audiovisuell komposisjon i animasjon
- reflektere over si eiga rolle som animatør i ein kunstnarisk og bransjemessig samanheng, og definere sitt animasjonsprosjekt ut ifrå gjeldande konvensjonar i faget
- pitche, formidle og forsvare eit animasjonsprosjekt
- budsjettere og søke om finansiering til eit animasjonsprosjekt
Studentane skal
- kunne reflektere over si eiga rolle som animatør i eit yrkesmessig perspektiv
- kunne samarbeide med andre om eit felles kreativt prosjekt
- kunne kommunisere og arbeide i eit internasjonalt miljø
Hoveddelen av emnet består av sjølvstendig arbeid og/eller gruppearbeid. Kvar eksamensproduksjon får tildelt ein rettleiar som følger prosjektet fram til eksamen. Det blir også organisert jamlege samlingar der det er rom for å diskutere prosessen. Det er også undervisinig knytt til dei praktiske og teoretiske aspekta ved produksjonen og animasjonsbransjen.
Studentane skal i løpet av haustsemesteret pitche idé for prosjektet og legge fram manus, storyboard og produksjonsplan. Studentane skal og levere liste over sjølvvald pensum som godkjennast av rettleiar.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Animation - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten leverer ein eksamensproduksjon og eit refleksjonsskriv. Sistnemnde skal forklare og reflektere over produksjonsprosessen og vise bevisstheit om kva hen har skapt. Studentar som har jobbet med eksamensproduksjonen i gruppe leverer eit individuelt refleksjonsskriv | Eksamensproduksjon: Det blir ikkje sett ei formell begrensning i forhold til lengde eller innhald Refleksjonsskriv: 4000 - 5000 ord | |||
Adjusting oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Munnleg eksamen tar utgangspunkt i eksamensproduksjonen med refleksjonsskriv og pensum i Animasjonsteori 1 - 4 og Animasjon 5. Munnleg eksamen justerer karakteren. |