Semesters
ANI264 Animasjon 4: Produksjon
For english speaking exchange students: Admission for exchange students is based exclusively on portfolio assessment. All exchange students must submit a link to their online portfolio, together with the application documents.
Animasjon 4 er eit emne som fokuserer på prosjektbasert læring. Det kan vera ein nær samanheng mellom dette emnet og Animasjonsteori 4. Desse to kursa er meinte å gi studentane ei betre forståing av den tverrfaglege naturen til animasjonen og å eksponera dei for bransjeorienterte prosjekt. Studentar i dette emnet jobbar med animasjonsprosjekt knytt til animasjon eller relaterte bransjar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentene skal ha inngåande kunnskap om
- gjennomføringa av eit animasjonsfilmprosjekt
- korleis animasjon kan gjeve form til og kommunisere idear
- aspektar ved animasjonsbransjens plass og funksjon i det større mediebildet
Studenten skal
- kunne arbeide i eit profesjonelt animasjonsfilmstudio
- kunne samarbeide med andre animatørar
- ha utvida ferdigheit som animatør i vald animasjonsteknikk
Studenten skal
- kunne samarbeide med andre om eit felles kreativt prosjekt
- kunne anvende fagleg kunnskap i arbeidet med praktiske problemstillingar
- kunne kommunisere noe gjennom eit animasjonsverk
- kunne kommunisere og arbeide i eit internasjonalt miljø
Dette vil variere, frå individuelt arbeid til arbeidsverkstader og gruppearbeid.
Arbeidskrav:
Studenten skal levere ein arbeidsplan for sitt spesialiseringsemne til faglærar før arbeidet tar til, seinast to veker etter semesterstart. Studenten kan ikkje ta til med arbeidet før planen er godkjent.
Studenten skal også levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
- Animation - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Produkt/produksjon | Individual | 1 Semester | Pass / fail | 100 | Emneansvarlig opplyser ved semesterstart om nærmare detaljar omkring innlevering, slik som filformat osv. | Omlag 1 minutt |