Semesters

BLUBULL1-A16 Barns utvikling, leik og læring 1

Course code: 
BLUBULL1-A16
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Målet med emnet er å utvikle forståing for og innsikt i å planleggje og leie barns leike-, lærings- og utviklingsprosessar. Emnet skal gi kompetanse i å fremje barns heilskaplege utvikling i eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, medverknad, samarbeid og dialog. Emnet er dei første 15 studiepoenga av totalt 30 studiepoeng i kunnskapsområdet Barns utvikling, leik og læring. Sentrale tema er barns utvikling, leik og læring på alle alderssteg, leiing av barnegrupper og didaktikk, med vekt på observasjon knytt til erfaringar i barnehagen

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge
  • grunnleggjande teoriar og forsking om barns utvikling, leik, læring og danning
  • leiken som arena for læring og for å utvikle vennskap med andre barn
  • barns omsorgs-, leike- og læringsbehov med særleg vekt på dei yngste barna
  • korleis ulike språk-, sang- og tradisjonsleikar kan stimulere barns språklæring
  • ulike observasjonsformer
  • didaktikk
  • rettleiing
Learning outcome skills
  • leie pedagogiske prosessar i barnehagen og leggje til rette for barns læring gjennom leik
  • fremje kreative prosessar med fokus på barns heilskaplege læring og oppleving av meistring
  • leie barnegrupper og ta del i omsorgsfulle og læringsrike opplevingar med barn
  • arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre planleggje, gjennomføre, dokumentere og reflekterer over arbeidet i barnehagen
  • vise grunnleggjande toleranse, interesse og respekt for alle barn sine individuelle  behov
Learning outcome qualification
  • planlegge for varierte arbeidsformer i aktivitetar for barn
  • nytte fagleg kompetanse i møte med teoretiske og praktiske problemstillingar
  • bruke fagleg kompetanse til improvisasjon i leik, læring og formidling
  • analysere og reflektere over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til pedagogisk arbeid med barns utvikling, leik og læring
Working and learning activities

Arbeids- og læringsformer

Arbeidsmåtane i emnet er førelesingar gjennom Adobe Connect og på campus, og arbeid individuelt og i gruppe. Studentane vil få oppgåver som skal utførast på eigen arbeidsplass. Erfaringar frå dette arbeidet skal takast med inn i undervisninga. Studentane sine erfaringar frå praksis vert også tekne med inn i undervisninga og i studentane sine arbeidskrav.

Praksis

Dette er ein 30 dagar rettleidd praksis med vekt på leiing av barnegrupper med tema leik og læring. Studentane skal med særleg vekt på observasjon planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere ein pedagogisk aktivitet for barna i praksisbarnehagen.

Assessment requirements
  • Frammøte til undervisninga er obligatorisk etter gjeldande reglar. 
  • Arbeidskrav
    • Leik, læring og leiing. Etter praksis skal studentane, for medstudentar og faglærar, gje ein kort presentasjon av den pedagogiske aktiviteten dei har gjennomført i praksis, og det skal skrivast ei individuell oppgåve basert på erfaringane i praksis. Oppgåva skal vere på 2500 ord +/- 10 % (sjå emneplan for praksis). Studenten skal i denne oppgåva leggje vekt på si utvikling som leiar av barnegruppa i barnehagen. Dette er det første av tre arbeidskrav i utdanninga som omhandlar studenten si utvikling som leiar (sjå også emneplan for BLUBULL2 og  LSU).
    • Dei yngste barna i barnehagen. Arbeidet legg vekt på at studenten tileignar seg kunnskap om dei yngste barna i barnehagen, og skal munne ut i ein presentasjon i gruppe for medstudentar og faglærar. Til presentasjonen skal følgje logg for arbeidet og eit grunnlagsnotat på om lag 400 ord.
Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimum number of students: 
30
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Kristin Rostad Gangstad
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade