Semesters
BLUBULL2-A Barns utvikling, leik og læring 2
Bestått BLUBULL1-A før ein kan gå opp til eksamen i BLUBULL2-A.
Målet med emnet er å utvikle forståing og innsikt i å planlegge og å leie barns leike-, lærings-, utvikling- og danningsprosessar. Emnet skal gi kompetanse i å fremje barns heilskaplege utvikling i eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, medverknad, samarbeid og dialog med føresette. Emnet utgjer 15 studiepoeng av totalt 30 studiepoeng i kunnskapsområdet Barns utvikling, leik og læring, og har følgjande tema: Barns utvikling, leik, læring og danning, barns språkutvikling og språkleg mangfald, fleirkulturelle perspektiv, leiing av personalet og samarbeid med føresette.
Kunnskap om aktuelle teoriar og forsking om barns utvikling, leik, læring og danning språkleg og kulturelt mangfald, barns språkutvikling og utvikling av fleirspråklegheit inkludering og tilpassa opplæring, og barn med særskilde behov foreldresamarbeidet si tyding for barns utvikling og læring leiing av personalet i barnehagen Ferdigheiter planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere opplegg for barns språklæring med vekt på språkleg mangfald utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskild barn framstå som ein medviten rolle- og språkmodell for barn i samarbeid med personalet og føresette analysere og leggje til rette for tilpassa opplæring og inkludering i barnehagen ta i bruk pedagogiske og digitale verktøy i arbeidet med barns utviklings- og læringsprosessar Generell kompetanse i didaktisk arbeid og faglege refleksjonar knytte til erfaringar frå praksis i å leie personalet og samarbeide med føresette i planlegginga av arbeidet med barna nytte varierte arbeidsformer i planlegginga av opplegg for barn der ein tek omsyn til alder og sosial, språkleg og kulturell bakgrunn vise etisk og fagleg innsikt i barns integritet basert på forståing av demokrati, likeverd og likestilling
-
-
-
Arbeids- og læringsformer: Frammøte til undervisninga er obligatorisk etter gjeldande reglar. Arbeidsmåtane i emnet er førelesingar gjennom Adobe Connect og på campus, og arbeid individuelt og i gruppe. Studentane sine erfaringar frå praksis vert tekne med inn i undervisninga og i studentane sine arbeidskrav. Praksis:I praksisperioden skal studentane i samarbeid med personalet gjennomføre leiardagar og planlegge temaaktivitetar med vekt på språkleg og kulturelt mangfald. Etter praksis skal studentane skrive ei individuell, skriftleg oppgåve med vekt på kulturelt og språkleg mangfald. I tillegg skal studentane utarbeide eit refleksjonsnotat om si utvikling som leiar i barnehagen. Dette er andre del av ei samletekst som skal danne grunnlag for eksamen tredje studieår. Sjå arbeidskrav kulepunkt to. Arbeidet i praksis er eit samarbeid mellom kunnskapsområda Barns utvikling, leik og læring 2 og Kunst, kultur og kreativitet.
-
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.