Semesters

BLULSU-A16 Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid

Course code: 
BLULSU-A16
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
BLUBULL1-A16 Children's development, play and learning 1
BLUSRLE-A16 Society, Religion, Worldview and Ethics
Course content

Om emnet: 

Det overordna målet for kunnskapsområdet er å styrke kvaliteten i barnehagen ved studentane sin kompetanse i leiing, organisasjonskunnskap og samarbeid. Innhaldet i kunnskapsområdet er strukturert etter tre hovudtema der leiing i barnehagen utgjer omlag halvparten. 

Barnehagen som organisasjon utgjer ei viktig ramme for å forstå og utøve leiing og endringsarbeid. Leiing og samarbeid er relatert til eit barnehagemiljø prega av mangfald der behovet for samarbeid er stort. Det vert lagt vekt på korleis organisering, leiarhandlingar og samarbeid kan styrke barnehagen som lærings- og utviklingsarena for yngre og eldre barn. 

Praksis er ein integrert del av kunnskapsområdet. Erfaringane frå praksis skal danne grunnlag for refleksjon knytt til omgrepa leiing, endring og utvikling.

Innhaldet bygger på den kompetansen som studenten har opparbeidd tidlegare i studiet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

- Studenten har kunnskap om:

  • organisasjonsteori og barnehagen som organisasjon.
  • leiing og rettleiing av menneske med ulik bakgrunn og ulike føresetnader.
  • relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid.
  • samarbeidsprosessar mellom barn, føresette og personale.
Learning outcome skills

- Studenten skal kunne:

  • identifisere og reflektere over korleis strukturelle og kulturelle forhold legg rammer for leiing og utviklingsarbeid i barnehagen.
  • ta i bruk og vurdere eigna egna metodar og verkty, også digitale verkty i arbeid med utviklings- og læringsprosessar.
  • reflektere kritisk over eigen praksis som leiar og barnehagen sin praksis i arbeid med utvikling av barnehagelærarrolla og profesjonsetikk.
  • leie pedagogisk arbeid og ta avgjerder som fører til utvikling av barnehagen.
  • vise sjølvstende i å leie rettleiings- og samarbeidsprosessar i utviklingsarbeid.
  • vise relasjonell forståing og kommunikativ kompetanse og i samarbeid med barn, føresette og personale
Learning outcome qualification

-studenten:

  • har innsikt i korleis strukturelle og kulturelle forhold legg rammer for leiing og utviklingsarbeid.
  • har medvit om eiga rolle som leiar og profesjonell yrkesutøvar og har kompetanse til å ta ansvar for eiga profesjonsutvikling, samt vilje til å støtte fram utviklinga av medarbeidarane sin kompetanse
  • kan gjere profesjonsetiske vurderingar knytt til ansvar, makt, respekt og toleranse.
  • kan identifisere område som krev utviklingsarbeid og vurdere kva leiingshandlingar som er naudsynte for å skape ei ønska utvikling.

 

 

Working and learning activities

Arbeidsmåtane er førelesingar, rettleiing, arbeid både individuelt og i gruppe og gjennomføring av eit pedagogisk utviklingsarbeid.

Det er 17 dagar rettleidd praksis. Tema for praksis er å gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid for betre kvalitet for barna. Det betyr at studenten i gruppe eller individuelt skal planlegge, gjennomføre og evaluere eit konkret utviklingsarbeid i barnehagen. Erfaringane skal danne grunnlag for refleksjon knytt til omgrepa leiing, endring og utvikling.  

Assessment requirements

Obligatorisk frammøte, i samsvar med gjeldande reglar

- Godkjent arbidskrav 1:PLan for utviklingsarbeid i praksis - individuelt eller i gruppe

- Godkjent arbeidskrav 2: Obligatorisk rettleiing på manus til arbeidskrav 3

- Godkjent arbeidskrav 3: Digital forteljing som etterarbeid av praksisperioden. Tematikk: Eg som leiar

For meir informasjon om arbeidskrav, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-7.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Hilde Muren
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Del 1: «Eg som leiar»: Presenter eit innlegg som handlar om utviklinga av din leiaridentitet.

Del 2: Trekk eit fagleg tema og reflekter over dette i lys av eigen leiarutvikling gjennom barnehagelærarutdanninga.