Semesters
- 2026 Spring
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
BLULSU Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid
Det overordna målet for kunnskapsområdet er å styrke kvaliteten i barnehagen gjennom kompetanse i leiing, samarbeid og utviklingsarbeid. Innhaldet i kunnskapsområdet er strukturert etter tre hovudtema der leiing i barnehagen utgjer omlag halvparten.
Barnehagen som organisasjon utgjer ei viktig ramme for å forstå og utøve leiing og endringsarbeid. Leiing og samarbeid er relatert til eit barnehagemiljø prega av mangfald der behovet for samarbeid er stort. Det vert lagt vekt på korleis organisering, leiarhandlingar og samarbeid kan styrke barnehagen som lærings- og utviklingsarena for yngre og eldre barn.
Praksis er ein integrert del av kunnskapsområdet. Erfaringane frå praksis skal danne grunnlag for refleksjon knytt til omgrepa leiing, samarbeid og utvikling.
Innhaldet bygger på den kompetansen som studenten har opparbeidd tidlegare i studiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
barnehagen som organisasjon og som lærande organisasjon.
leiing, rettleiing av og samarbeid med menneske med ulik bakgrunn og ulike føresetnader, og om korleis eiga leiing påverkar prosessane.
mentalisering og kommunikasjon som grunnlag for samarbeid, og om motivasjon og meistring som drivkraft for handling.
relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid.
Studenten kan:
sjølvstendig og saman med andre planlegge, leie, gjennomføre, kritisk vurdere og dokumentere eit mindre utviklingsarbeid i barnehagen, dette inkluderer også samarbeid gjennom digitale løysingar.
kartlegge, analysere og kritisk reflektere over pedagogisk praksis, organisatoriske rammer, lovverk og styringsdokument som grunnlag for å vurdere og utvikle kvalitet i pedagogisk arbeid.
gjennomføre rettleiing med fokus på kraftfull refleksjon.
kan støtte utvikling av indre motivasjon og meistring gjennom bruk av demokratiske leiarprosessar, mentalisering og anerkjennande kommunikasjon.
Studenten:
har evne og vilje til å leie pedagogisk arbeid som støttar utvikling av barnehagen som ein lærande organisasjon.
har medvit om eige autoritetsgrunnlag som leiar; og profesjonell yrkesutøvar.
kan og vil identifisere etiske dilemma, utøve profesjonelt skjønn og gjere val som styrkar barnehagen som lærings- og utviklingsarena for yngre og eldre barn.
har evne og vilje til å sjå korleis eigne leiarhandlingar påverkar samarbeidsprosessar, og justere eigen leiaråtferd i ulike situasjonar.
Arbeidsmåtane er undervisning med studentdriven fagsamtale, arbeid individuelt og i gruppe og leiing av eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid i praksisbarnehagen.
Det er 20 dagar rettleidd praksis. Tema for praksis er knytt til å vere ein lærande organisasjon som utviklar kvaliteten for barna. Det betyr at studenten, individuelt eller i gruppe, saman med personalet i praksisbarnehagen skal planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid.
Frammøte til undervisinga etter gjeldande reglar.
Godkjent arbeidskrav 1: Rettleiing på utkast til plan for utviklingsarbeidet – individuelt / gruppe.
Godkjent arbeidskrav 2: Studentdriven rettleiing på manus til digital forteljing - grupper
Godkjent arbeidskrav 3: Digital forteljing som etterarbeid av praksisperioden - individuelt
For meir informasjon om arbeidskrav, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Early Childhood Education - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Del 1: «Eg som leiar»: Presenter eit innlegg som handlar om utviklinga av din leiaridentitet. Del 2: Trekk eit fagleg tema og reflekter over dette i lys av eigen leiarutvikling gjennom barnehagelærarutdanninga. |