Semesters

BLUMG305 Vitskapsteori og forskingsmetode

Course code: 
BLUMG305
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2024 Autumn
Assessment semester: 
2024 Autumn
Required prerequisite knowledge

Fullført og bestått dei første fire emna i mastergraden med karakter C i snitt.

Course content

Emnet handlar om det vitskaplege grunnlaget for forsking på pedagogisk verksemd i barnehagen. Det overordna målet med emnet er å ruste studentar til å kunne orientere seg i og kritisk vurdere eksisterande forsking på feltet, samt ta informerte og grunngjevne val i eiga forsking. Gjennom å utvikle brei forståing av forskingsprosess og forskingsmetode, skal studenten tileigne seg grunnlag for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har inngåande kunnskap om vitskapsteoriske perspektiv 
  • har avansert kunnskap om dei ulike fasane i ein forskingsprosess
  • har avansert kunnskap om kvalitative og kvantitative design og metodar
  • har kunnskap om sentrale statistiske omgrep og analysemetodar
  • inngåande kunnskap om forskingsetikk  
Learning outcome skills

Studenten

  • kan analysere og vurdere ulike forskingsmetodiske tilnærmingar
  • kan grunngje og argumentere fram ulike val i ein forskingsprosess
  • kan vurdere ulike typar utval, innsamling og analysar av data ut frå kor eigna dei er til å belyse gitte problemstillingar
Learning outcome qualification

Studenten 

  • har inngåande vitskapsteoretisk og forskingsmetodisk innsikt 
  • kan analysere og vurdere relevante forskingsetiske problemstillingar
  • kan anvende fagområdet sine omgrep og uttrykksformer på ein nøyaktig og sjølvstendig måte
Working and learning activities

Emnet er organisert som fem samlingar à to dagar kvar, omlag kvar fjerde veke. Ei av samlingane vil bli digital. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, gruppearbeid og oppgåveløysing. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

    Arbeidskrav:

    Det er to (2) arbeidskrav på emnet. Begge må vere godkjende for å kunne ta eksamen. Arbeidskrava er:

    1. Oppgåve knytt til val av forskingsdesign (omfang 600 - 800 ord)
    2. Oppgåve i statistikk
    Evaluation system
    Maximum number of students: 
    15
    Used in other programs
    • Early childhood education studies - master (part-time)
    VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
    Written Exam
    Individual
    6 Hours
    A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
    Approval signature: 
    Arne Myklebust