Semesters
BLUPRA1-A16 Praksis 1. årssteg, 25 dagar
Ingen
Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarautdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 1.studieår er samordna med emneplanane for kompetanseområda lagt til 1. studieår: Barns utvikling, leik og læring (BLUBULL1-A), og Samfunn, religion, livssyn og etikk (BLUSRLE-A). Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda i 1. årssteg, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
• barnehagen sine styringsdokument og planverk
• at det er viktig å vise omsorg for enkeltbarn og barnegruppa
• profesjonsidentitet, yrkesetiske prinsipp og rettleiing
• bruk av didaktiske verktøy i det pedagogiske arbeidet
• barns leik, og læring gjennom leik
Studenten kan
• bruke observasjon som grunnlag i det pedagogiske arbeidet
• leie ei barnegruppe og ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av ein pedagogisk aktivitet og leiardagar
• ta aktivt del i omsorgsfulle og læringsrike opplevingar med barn
• ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnader
Studenten
• har fått innsikt i kva det vil seie å utvikle profesjonell identitet og ha gode yrkesetiske haldningar
• syner evne til å reflektere over eige barnesyn
• syner evne til å kunne leie ei barne- og personalgruppe gjennom samarbeid, kommunikasjon, motivasjon og rettleiing
• syner evne til å gjere seg nytte av rettleiing
• syner evne til aktiv deltaking i arbeidet i barnehagen
Praksisopplæringa 1. studieår omfattar 25 dagar. Før studenten kan ta til i praksis første studieår, skal han/ho levere politiattest og teiepliktskjema til Høgskulen i Volda. Som ein del av førebuinga til praksis er det krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.
Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis.
Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. Praksis skal ha vekt på observasjon og leiing av barnegrupper med tema «Leik og læring». Praksis tek også føre seg leiing av ei barne- og personalgrupper med tema «Mangfald, barn og samfunn».
I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonsidentitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort.
Vi viser til Praksishefte for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.
- Studentane skal med særleg vekt på observasjon planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere ein pedagogisk aktivitet for barn i praksis.
- Studenten skal gjere ei kartlegging av lokalsamfunnet rundt barnehagen, og med utgangspunkt i denne gjennomføre ein pedagogisk aktivitet i samarbeid med resurssar frå lokalsamfunnet.
- Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrit om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | Pass / fail | I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag. På slutten av første praksisbolk, skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg midtvegsvurdering. Etter andre praksisbolk skal student motta ei skriftleg sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren «Stått» i praksis. I tillegg kan ikkje samla fråvær for praksis overstige 10%. Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i praksis: Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode før utgangen av studieåret etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ”Ikkje stått”, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet. Studentar som syner manglar i forhold til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dei står i forhold til krava til skikkavurdering. Jmf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høgreutdanning § 3: Lovdata - Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i Praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda |