Semesters

BLUPRA2 Praksis 2. årssteg, 40 dagar.

Course code: 
BLUPRA2
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
*
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
BLUPRA1 Practice/Pre-School Teacher Education 1, 35 days.
Course content

Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 2. studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområda lagt til 2. studieår. Desse er Kunst, kultur og kreativitet (BLUKKK-30) og Språk, tekst og matematikk (BLUSTM).

I  praksis 2. studieår skal ein ha fokus på barn og estetiske opplevingar, leiing av barne- og personalgrupper, leiing av prosjektarbeid, leiardagar og samanheng og overgang barnehage- skule. 

Praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert.

Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar, leiardagar og prosjektarbeid utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda andre studieår, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. 

I praksis andre studieår skal studenten vise utvikling og progresjon frå første studieår. Frå å være student mot å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse. Studenten skal øve seg på å ha oversikt, og kunne leie både ei barnegruppe og ei personalgruppe. Studenten vil kjenne igjen strukturar frå den første praksisbarnehagen, men vil også sjå at det er forskjellar på struktur og organisering i dei ulike barnehagane. Studenten skal særleg utvikle seg som personalleiar i andre studieår, og skal kunne leie personalet gjennom eit prosjektarbeid og leiardagar. Den didaktiske tenkinga er meir avansert og studenten skal trenge mindre støtte i arbeidet med planlegging av pedagogiske aktivitetar og leiardagar. Ein viktig del av yrket som barnehagelærar er foreldresamarbeid, og studenten skal vise progresjon frå året før i arbeidet med å skape gode relasjonar til dei føresette.

Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til heilskapen i læringa for barna i barnehagen, og studentane skal ta omsyn til det barnegruppa har arbeidd med før praksis når dei skal planlegge og gjennomføre sine aktivitetar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om

  • samarbeid med føresette
  • leiing av barn og personale
  • kreative prosessar og tilrettelegging av estetiske opplevingar for alle barn
  • leiing, planlegging, gjennomføring og vurdering av prosjektarbeid
  • samanheng og overgang mellom barnehage og skule
Learning outcome skills

Studenten kan

  • utvikle gode relasjonar til alle barn, som ber preg av omsorg, innleving og anerkjenning av kvart einskilt barn
  • vise at han har oversikt over barnegruppa
  • vise at han har oversikt over barnehagen sin struktur
  • ta aktivt del i læringsrike opplevingar med barn og viser evne til å tilrettelegge barns leikemiljø
  • ta omsyn til barns ulike bakgrunnar og føresetnader
  • nytte ulike observasjonsmetodar og skrive utfyllande didaktiske planar
  • leie og rettleiie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av eit prosjekt og leiardagar
  • bruke digitale verktøy i dokumentasjonsarbeid
  • samle inn empirisk datagrunnlag
Learning outcome qualification

Studenten  

  • knyt teori til erfaringar frå praksis i didaktisk arbeid og faglege refleksjonar
  • viser at han har relasjonskompetanse til barn, tilsette og føresette
  • legg til rette for og sikrar medverknad frå personalet og barna
  • har god innsikt i kva det vil seie å utvikle ein profesjonell identitet og gode profesjonsetiske haldningar, og kritisk vurdere eigen pedagogisk leiing og praksis
Working and learning activities

Praksisopplæringa 2. studieår omfattar 40 dagar, fordelt på tre praksisbolkar. Som ein del av førebuinga til praksis skal studenten delta på generell praksisførebuing og praksisførebuande møte.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane og praksiskoordinator får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile andre studieår. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden, og skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi studenten munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at praksislærar har rettleiiande samtalar med studenten i det daglege arbeidet.

I første praksisbolk skal studentane ha vekt på tilrettelegging av estetiske opplevingar. Studenten skal ta omsyn til alle dei didaktiske kategoriane i ein didaktisk modell, men i rettleiinga skal student og praksislærar sikre seg at studenten har forstått innhaldet i dei didaktiske kategoriane overordna mål, mål, rammefaktorar, innhald og arbeidsmåte. Studenten skal arbeide for å skaffe seg oversikt over barnehagen sin organisering og struktur.

I andre praksisbolk skal studenten leie, planleggje, gjennomføre og vurdere eit prosjektarbeid, der han mellom anna skal leggje tilrette for eit leikemiljø som støttar tema for prosjektet. I andre praksisbolk  må student og praksislærar sikre seg at studenten har forstått innhaldet i alle kategoriane i ein didaktisk modell, og samanhengane mellom dei. Foreldresamarbeid er ein viktig del av prosjektet. Studenten må i tilegg til å ta kontakt med føresette, forsøkje å skape gode dialogar om barna sin kvardag i barnehagen med dei. 

Studenten skal planlegge, gjennomføre og vurdere leiardagar i begge praksisbolkane.

Tredje praksisbolk skal ha fokus på samanheng og overgang mellom barnehage og skule. Før praksisbolka tek til skal studenten ha oversyn over kva ulike styringsdokument seier om samanheng og overgang mellom barnehage og skule. Studenten skal gjere observasjonar og kartleggingar i heile barnehagen, og sjå på korleis det er lagt til rette for progresjon i innhald og aktivitetar dei yngste og eldste barna møter. Studenten skal samle datamateriale ved observasjon og kartlegging av det fysiske miljøet, og ved å gjennomføre eit intervju med styrar eller pedagogisk leiar.

Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, føresette og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over barnehagelæraryrket og profesjonell identitet. All dokumentasjon av praksis skjer gjennom rettleiings- og dokumentasjonsverktøyet MOSO (Mentoring and Observation Software). Tidleg i dei to første praksisbolkane skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar til seg sjølv og praksislærar, medstudentar, praksisbarnehagen og praksisperioden blir klargjort. Studenten skal gjere oppsummering/konklusjon med framovermelding frå praksis første år kjent for praksislærar i den første forventingssamtalen. 

Vi viser til emnet i Canvas for meir informasjon.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er krav om 40 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Arbeidskrav:

  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUKKK-30 første praksisbolk  
  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUSTM i andre praksisbolk  
  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUSTM i tredje praksisbolk 
  • Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar i første og andre praksisbolk 
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten tilbakemeldingar og ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. På slutten av første praksisbolk skal studenten i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Etter andre praksisbolk skal studenten motta ei skriftleg vurdering, før endeleg sluttvurdering med karakteren stått/Iikje stått blir gitt etter tredje praksisbolk. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal involverast i vurderinga. Praksislærar skal gjennom heile praksis gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom  studenten viser manglar etter Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 40 dagar frammøte vere stetta.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis:

  • Studenten skal motta skjema 1, varsel om fare for ikkje stått i praksis, før karakteren kan setjast til ikkje stått.
  • Ein student som får ikkje stått i praksis får høve til å gjennomføre eitt nytt praksisforsøk. Studenten får i ny praksisperiode rettleiing av ein ny praksislærar på det området studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten skal forbetre. 
  • Ein student som har karakteren ikkje stått på andre praksisforsøk, får ikkje flytte opp i neste studieår og må avbryte studiet. 
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Hanne Elin Harnes
Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
Pass / fail
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Vi viser til emnet i Canvas for meir informasjon.
Approval signature: 
Arne Myklebust