Semesters

BLUPRA3-5 Praksis 3. årssteg, 5 dagar

Course code: 
BLUPRA3-5
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
*
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Praksis 3. årssteg, 5 dagar
Teaching semester: 
2024 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Praksis 3. årstrinn, 5 dager
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
BLUPRA1 Practice/Pre-School Teacher Education 1, 35 days.
BLUPRA2 Practice/Pre-School Teacher Education 2, 40 days.
Course content

Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 3. studieår er samordna med emneplanane for dei valfrie fordjupingane. 

I praksis tredje studieår, 5 dagar, skal ein ha fokus på arbeidskrav knytt til studenten si fordjuping, eller tilpassa arbeidskrav dersom studenten har valt internasjonalt semester. 

Praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert.

Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med fordjupingane i tredje studieår eller internasjonalt emne, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Studenten skal utvikle seg frå å være student til å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse.

Å bli barnehagelærar er ein prosess som krev både fagleg kunnskap, analytisk refleksjon og praktisk erfaring. Studenten skal øve i å reflektere over både korleis teori og praksis spelar saman og kva etiske utfordringar barnehagekvardagen kan by på. Studenten skal oppmuntrast til å sjølv være pådrivar for utvikling av eigen profesjonskompetanse.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • tema i fordjupingsemne eller tilpassa arbeidskrav dersom studenten har valt internasjonalt semester
Learning outcome skills

Studenten kan

  • planlegge, leie, gjennomføre og vurdere pedagogiske aktivitetar knytt til tema i fordjuping eller planlegge, leie, gjennomføre og vurdere leiardagar dersom studenten har tilpassa praksis knytt til internasjonalt semester

 

Learning outcome qualification

Studenten

  • studenten meistrar å knyte saman teori og praksis
  • deltek i faglege diskusjonar innanfor tema for fordjupinga eller knytt til tilpassa arbeidskrav dersom studenten har valt internasjonalt semester
Working and learning activities

Praksisopplæringa 3. studieår omfattar til saman 25 dagar, fordelt på to bolkar. Av dei 25 dagane er 5 dagar knytt til fordjupinga i haustsemesteret eller til tilpassa praksis dersom studenten har valt internasjonalt semester, og 20 dagar til kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid i vårsemesteret. Denne emneplanen gjeld 5 dagar praksis i haustsemesteret.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane og praksiskoordinator ved høgskulen får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile tredje studieår. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden, og skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi studenten tilbakemeldingar og munnlege undervegsvurderingar og skriftleg sluttvurdering med framovermelding til slutt i praksis. 

Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, didaktisk arbeid, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, og rettleiing med praksislærar. I denne praksisbolka skal studenten gjennomføre arbeidskrav knytt til den valgte fordjupinga eller tilpassa arbeidskrav dersom studenten har valt internasjonalt semester.

I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, føresette og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, føresette og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane. All dokumentasjon skjer gjennom rettleiings- og observasjonsverktøyet MOSO (Mentoring and Observation Software). Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort. 

Vi viser til emnet i Canvas for meir informasjon.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er krav om 5 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Arbeidskrav:

  • Studenten skal planlegge, gjennomføre og evaluere arbeidskrav knytt til fordjuping eller ved tilrettelagt praksis knytt til internasjonalt semester.
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Til slutt i praksisbolk 1 skal studenten i tillegg motta ei skriftleg sluttvurdering, med karakteren stått/ikkje stått. Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderinga skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Styrar skal involverast i vurderinga.

Praksislærar skal gjennom heile praksis gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom  studenten viser manglar etter Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 5 dagar frammøte vere stetta.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis:

  • Studenten skal som hovudregel motta skjema 1, varsel om fare for ikkje stått i praksis, før karakteren kan setjast til ikkje stått.
  • Ein student som får ikkje stått i praksis får høve til å gjennomføre eitt nytt praksisforsøk. Studenten får i ny praksisperiode rettleiing av ein ny praksislærar på det området studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten skal forbetre. 
  • Ein student som har karakteren ikkje stått på andre praksisforsøk får ikkje flytte opp i neste studieår, og må avbryte studiet. 
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Hanne Elin Harnes
Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
5 Days
Pass / fail
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Vi viser til emnet i Canvas for meir informasjon.
5 dagar
Approval signature: 
Arne Myklebust