Semesters
BLUPRA3-5 Praksis 3. årssteg, 5 dagar
Praksis skal vere ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarutdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 3. studieår er samordna med emneplanane for dei valfrie fordjupingane. Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med fordjupingane i 3. årssteg, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
studenten har fagkunnskap knytt til fordjupingsemne eller til internasjonalt emne.
Studenten kan planlegge, leie, gjennomføre og vurdere pedagogiske aktivitetar knytt til tema i fordjupinga eller knytt til internasjonalt semester
Studenten kan delta i faglege diskusjonar innanfor utdanninga sine ulike fagområde og dele kunnskapar og erfaringar
Praksisopplæringa 3. studieår omfattar 25 dagar, fordelt på to bolkar. Som ein del av førebuinga til praksis er det krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.
I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile tredje studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student tilbakemeldingar og munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at det går føre seg rettleiiande samtalar i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.
Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. I første praksisbolk skal studenten leie og gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid retta mot samarbeid med barn og personale. I andre praksisbolk skal studenten gjennomføre arbeidskrav knytt til den valgte fordjupinga eller internasjonalt semester.
I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonsjonell identitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort.
Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.
Frammøtekrav:
Det er krav om 5 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.
Arbeidskrav:
Studenten skal planlegge, gjennomføre og evaluere arbeidskrav knytt til fordjuping eller internasjonalt semester.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Midtvegs i praksis skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegssvurdering. Til slutt i praksis skal student motta ei skriftleg sluttvurdering, med karakteren stått/ikkje stått. Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte/deltaking vere stetta.
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode før utgangen av studieåret etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten ikkje stått også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Early Childhood Education - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | 5 Days | Pass / fail | Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. | 5 dagar |