Semesters

BLUSTM-D Språk, tekst og matematikk i barnehagelærarutdanninga

Course code: 
BLUSTM-D
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Autumn
2023 Spring
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

I dette kunnskapsområdet vert barns språklege, omgrepsmessige, matematiske og tekstkulturelle utvikling tematisert. Desse utviklingsområda er viktige for barns leik, læring og danning, og er avgjerande for at barn kan utvikle relasjonar til andre menneske og fungere sosialt i eit fleirspråkleg, fleirkulturelt og demokratisk samfunn. Innhaldet i kunnskapsområdet dreiar seg om barns språk og språkutvikling, barnelitteratur og mediekultur og barns matematiske meiningsskaping, kreative undring og problemløysning. I dette kunnskapsområdet fokuserer vi på barnehagelærarens rolle og ansvar for å gje barn varierte erfaringar med tilpassa språklege, litterære og matematiske aktivitetar. Gjennom dette emnet vil studenten tileigne seg kunnskap og kompetanse til å gi allle barnehagebarn ei best mogeleg språk- og matematikkutvikling, også når det gjeld ein god overgang mellom barnehage og skule.

Kunnskapsområdet kombinerer forskingsbasert og praksisnær kunnskap om språk- og matematikkutvikling, dokumentasjon og vurdering. Kunnskapsbasen byggjer på faga norsk, matematikk og pedagogikk. Undervisninga vil tydeleggjere ei barnehagepedagogisk tilnærming og fagdidaktisk forsking knytt til kunnskapsområdet, der profesjonsfagleg digital kompetanse og praksis inngår som ein integrert del. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:​

  • barns matematiske utvikling, barns munnlege og skriftlege språk og språkutvikling, barns språk- og lesevanskar, språkleg mangfald og fleirspråklegheit 
  • korleis barn tileignar seg dialogferdigheiter og korleis dei skapar meining med og uttykker seg gjennom ulike teiknsystem 
  • skjønnlitteratur og sakprosa for barn, sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar og moderne tekst- og mediekulturar 
  • barns problemløysingskompetanse og omgrepsutvikling i matematikk og har kunnskap om verdien av å utvikle positive haldningar til matematikk, språk og språkmangfald 
  • tal, teljing, rekning, talsystem, måling, rom, form, mønster og symmetri tilpassa aldersgruppa, og matematikk som verktøy for systematisk utforsking og tenking 
  • leikens verdi for språk- og matematikklæring 
  • samanhengen mellom barnehage og skule 
  • fleirspråklegheit og fleirkultur, herunder mellom anna samisk kultur og forteljetradisjon
  • kroppslege aspekt ved barns språklege og matematiske utvikling 
  • betydinga av ei anerkjennande grunnhaldning
Learning outcome skills

Studenten kan:​

  • gjere greie for korleis ein kan observere, legge til rette for, analysere, kartlegge og følje opp barns sosiale, språklege og matematiske utvikling 
  • gjere greie for kva det vil seie å vere ein bevisst språkleg rollemodell og ein samtalepartnar som framhevar utvikling, læring og danning i arbeid med barnehagens innhald 
  • gjere greie for korleis ein kan organisere eit inkluderande og stimulerande leikemiljø  for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing og sikre mangfald i barns tekstopplevingar og lesefellesskap, også i eit fleirkulturelt perspektiv 
  • gjere greie for korleis ein kan rettleie og inspirere barn når dei utforskar munnlege og skriftlege sjangrar, matematiske problem, symbol og samanhengar 
  • formidle tekst, fortelje, lese høgt og syngje 
  • analysere og vurdere ulike kartleggingsverktøy, vurdere ulike typar læremiddel, og utvikle profesjonsfagleg digital kompetanse
Learning outcome qualification

Studenten :

  • skal kunne dokumentere og evaluere barnehagens arbeid med språk, tekst og matematikk og ta på seg leiaransvar for prosjektarbeid
  • skal utøve pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludere og anerkjenne alle barns språklege, tekstlege og matematiske erfaringar og kunne analysere og reflektere over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til språk, tekst og matematikk
  • skal kunne sjå korleis språklege, litterære og matematiske element har betydningar for leikemiljøet og for arbeid med danning, demokrati og likestilling 
  • skal kunne gjere greie for korleis ein kan kommunisere og drøfte etiske og fagleg-pedagogiske problemstillingar med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartar
  • er aktiv i barnehagefaglege diskusjonar knytt til språk, tekst og matematikk
  • meistrar norsk munnleg og skriftleg bokmål og nynorsk, og kan bruke språket kvalifisert i profesjonssamanheng

 

Working and learning activities

Undervisninga i edtte emne vert gitt desentralisert to dagar i veka.

Kunnskap og dugleikar i språk, tekst og matematikk vert tileigna i ein kombinasjon av å delta i aktivitetar i læringsgrupper og seminargrupper, på førelesingar og gjennom sjølvstudium. Ein vil gjennom arbeidet med kunnskapsområdet fokusere på korleis den faglege utviklinga kan tilpassast barna sine erfaringsbakgrunnar, interesser, anlegg og føresetnader, uavhengig av kjønn og kulturell bakgrunn, og sikre barns rett til medverknad. Det faglege innhaldet frå dette kunnskapsområdet skal vere ein aktiv del av praksis, mellom anna gjennom eit praksisprosjekt. 

Assessment requirements

 Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i dette kunnskapsområdet,Jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6. 

I løpet av studiet skal studentane utføre og få godkjend fire arbeidskrav. Nokre av arbeidskrava skal vere individuelle arbeid, andre skal utførast i læringssgrupper eller andre grupper. For meir informasjon om arbeidskrav, sjå § 7-2 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav nr 1: Eit individuelt fagleg arbeid knytt til høgtlesing og formidling i barnehagen. Studenten skriv ein tekst på 1200 ord (+/- 10%). Teksten skal vere skriven på nynorsk. Kvar student skal gjennomføre ei formidling av den valde boka/teksten.  

Arbeidskrav nr 2: Eit fagleg eller tverrfagleg arbeid knytt til barns matematiske utvikling. Arbeidet vert utført og innlevert av læringsgruppene. Evalueringa vil også gå føre seg i læringsgruppene ved at kvar læringsgruppe kommenterer og vurderer arbeidet frå ei anna læringsgruppe. Faglærar rettleiar i vurderingsprosessen der det trengs, og utfører den endelege godkjenninga. Omfang: 4000 ord (+/- 10%). 

Arbeidskrav nr 3: Prosjektrapport knytt til praksis med temaet «Barnehagen som språk-, tekst- og matematikkverkstad». Omfang: 4500 ord (+/- 10%).

Arbeidskrav nr 4: Eit individuelt fagleg arbeid knytt til samanhengen barnehage-skule. Omfang: 2000 ord (+/- 10%). Teksten skal vere skriven på bokmål.

Evaluation system
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Beate Krøvel Humberset
Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
stavekontroll
Approval signature: 
Arne Myklebust