Semesters

BVA301 Perspektiv på barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar

Course code: 
BVA301
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2023 Autumn
Assessment semester: 
2023 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet skal gi inngåande kunnskap om strukturelle perspektiv i barnevernet sitt arbeid med barn, unge og familiar i utsette livsposisjonar/situasjonar. Emnet skal gi avansert kunnskap om ulike perspektiv på barn og unge si utvikling, og korleis ulike former for omsorgssvikt påverkar barn og unge sine livssjansar. Emnet skal gi avansert kunnskap om korleis sosiale og kulturelle forhold har betydning for barnevernet sitt arbeid. Dette omfattar korleis barn, ungdommar og familiar sine kvardagsliv, levekår, ulikskap og livserfaring verkar inn på liva deira og på møte med hjelpeapparatet.
Studentane skal kunne analysere, diskutere og forhalda seg kritisk til teoretiske perspektiv og bruke kunnskapen i vurderingar av barns omsorgssituasjon og den enkelte familie sine behov. I emnet inngår førebuing til nasjonal deleksamen i juridisk metode i barnevernsfagleg arbeid. Emnet tek også for seg barnevernet sitt samfunnsmandat og historiske utvikling, medrekna diskursar i og om barnevernet i historisk - og samtidsperspektiv.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

    Learning outcome knowledge

    Kandidaten

    • har avansert kunnskap om ulike perspektiv på barn og unges utvikling
    • har avansert kunnskap om teoriar og perspektiv på betydninga av mangfald, kulturelle forskjellar og sosial ulikskap hos barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
    • har avansert kunnskap som dannar grunnlaget for at samiske barn og minoritetsbarn sine rettar til eige språk, kultur, etnisitet og religion blir ivaretatt i vurderingar av barnets beste og i barnevernets arbeid
    • har avansert kunnskap om korleis barn, ungdommar og familiar sine kvardagsliv, levekår, ulikskap og livserfaring verkar inn på liva deira og på møte med hjelpeapparatet
    • har avansert kunnskap om korleis omsorgssvikt og overgrep oppstår og kjem til uttrykk i ulike former hos barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
    • har inngåande kunnskap om korleis vald, kriminalitet, rus, fattigdom, helseutfordringar og funksjonsnedsetting har betydning for levekår for barn, unge og familiar
    • har inngåande kunnskap om juridisk metode og sentrale rettskjelder på barnevernsfeltet, inkludert FNs barnekonvensjon og Den europeiske menneskerettskonvensjon.
    • har inngåande kunnskap om barnevernet sine diskursar i eit historisk og samtidsmessig perspektiv
      Learning outcome skills

      Kandidaten

      • kan bruke forsking og avansert kunnskap om fattigdom, rus, omsorgssvikt, vald og psykisk helse i analysar av barn sin omsorgssituasjon 
      • kan analysere og forholda seg kritisk til ulike teoriar, perspektiv og diskursar om barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
      • kan sjølvstendig identifisere og analysere juridiske problemstillingar og anvende juridisk metode og relevante rettskjelder for å sikre barn og foreldre sine rettar
      • kan bruke relevante metodar til å foreta forsvarleg juridisk og barnevernfagleg skjønnsutøving, og dokumentere vurderingar og avgjerder i eit fagfelt prega av uvisse og faglege og verdimessige motsetnader
      • kan analysere kva betydning kulturelle forskjellar, sosial ulikskap, levekår og buforhold har for hjelpebehov hos barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
        Learning outcome qualification

        Kandidaten

        • kan nytte avansert kunnskap og ferdigheiter om omsorgssvikt, vald og traume i analysar av barns omsorgssituasjon og i arbeid med komplekse omsorgsvurderingar
        • kan anvende kunnskapar og ferdigheiter om barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
        • kan kommunisere om analysar og konklusjonar ut frå eksisterande forsking og ulike perspektiv på barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar, både med spesialistar, interesseorganisasjonar og til allmugen
        • kan analysere relevante eksisterande og nye rettslege problemstillingar og rettskjeldemateriell på barnevernsfeltet
        Working and learning activities

        Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar, med tre undervisningsdagar og to studiedagar på kvar samling. I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer med veksling mellom førelesning og arbeid i lærarstyrte grupper. Det vert lagt opp til studentaktivitet både i og mellom samlingane, der studentane vert motivert til refleksjon både individuelt og i grupper. Samanhengen mellom teoretiske perspektiv og utøving av barnevernarbeid er sentralt.

        Mellom samlingane skal studentane jobbe med oppgåveløysing og eigenstudiar, individuelt og i grupper.

        Assessment requirements

        Frammøtekrav:

        • Minimum 65 prosent frammøte til undervisninga i emnet.

        Arbeidskrav:

        • Skrifteleg arbeid i juridisk metode.
        • Skriftleg individuell oppgåve, om lag 1500 ord.

         

        Maximum number of students: 
        20
        Person in charge: 
        Reidunn Håøy Nygård
        Betina Haug Olson
        Used in other programs
        • Child welfare work - master (part time)
        VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
        Oppgave
        Individual
        1 Semester
        A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
        100
        3000 ord +/- 10 prosent
        Written Exam
        Individual
        4 Hours
        Pass / fail
        Nasjonal deleksamen i rettsanvendelse for masterprogramma i barnevern og barnevernsarbeid, i regi av NOKUT.
        Lovdata Pro
        Approval signature: 
        Randi Bergem 29.06.2023