Semesters
BVP151 Introduksjon til sosialt arbeid - barnevernspedagog
Ingen
Målet med dette emnet er at studentane skal få kunnskap om sentrale teoriar, omgrep og perspektiv i ulike fagemne som inngår i sosialt arbeid. I stor grad handlar det om få ei oversikt over rammene som barnevernspedagogar, og brukarane dei har med å gjere, må orientere seg i. Studentane skal møte barnevernspedagogar frå yrkesfeltet, for å få eit perspektiv på forholdet mellom fagemna, studiet og yrkesfeltet for barnevernspedagogar. I emnet skal studentane arbeide med problemstillingar som aukar forståinga deira for barn, unge og familiar sine livsvilkår, og som bidreg til kompetanse i å analysere ulike livsvilkår.
Det vert lagt vekt på at studentane utviklar ferdigheiter i kommunikasjon, samhandling og gruppeprosessar, og utviklar evne til etisk refleksjon. Sist, men ikkje minst skal emnet bidra til at studentane får eit godt grunnlag for utvikling av kompetanse i studieteknikk, skriftleg framstilling og andre arbeids- og læringsformer som vert nytta i studiet.
Innhald:
sosialpedagogikkens faghistorie, teori, mandat, kunnskaps- og verdigrunnlag
psykologi og gruppedynamikk
rettssystem, stats- og kommunalrett
sosialantropologi
sosiologi
pedagogikk
stats- og kommunalkunnskap
velferds- og sosialpolitikk
organisasjonskunnskap
vitskapsteori og etikk
Arbeids- og læringsformer:
sjølvstudium, gruppearbeid og deltaking på seminar
ekskursjonar i yrkesfeltet
kurs i drama og gruppedynamikk
rettleiing og vurdering knytt til individuelt arbeid og grupperaktivitetar
øvingar i refleksjon og sjølvrefleksjon
kurs i studieteknikk, fagskriving og kjeldebruk
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
sentrale teoriar, omgrep og perspektiv i miljøterapeutisk og anna barnevernsfagleg og sosialpedagogisk arbeid
barnevernet som fagområde, barnevernsfeltet si historie, mandat og plass i samfunnet, ansvar og organisatoriske rammer
barnevernspedagogen sin eigenart, rolle og plass i organisasjonen
sjølvrefleksive prosessar rundt valet om å bli barnevernspedagog og eiga livshistorie og påverknaden denne har på relasjonar og val ein gjer i yrkesutøvinga
kommunikasjon, relasjon, samhandling og gruppedynamikk i utøving av sosialt arbeid
velferdsstatleg oppgåvefordeling, korleis statlege og kommunale myndigheiter vert organisert og regulert, og betydninga dette har for yrkesutøvinga
velferdspolitikk, velferdsmodellar og ulike velferdspolitiske mål og verkemiddel
korleis samfunnsmessige strukturar og prosessar kan skape og halde ved like sosiale problem, med særleg forståing for barn, unge og familiar i utsette situasjonar
sentrale samfunnsvitskaplege teoriar, erfarings- og brukarkunnskap, og korleis dei bidreg som ulike perspektiv til kunnskapsgrunnlaget i sosialt arbeid
profesjonsetikk og etiske utfordringar i utøving av sosialt arbeid
vitskapsteori, korleis kunnskap vert utvikla og forstått, og moglegheiter og grenser for samfunnsvitskapleg metode
grunnleggjande prinsipp i studieteknikk, fagskriving og skriveprosessar
Studenten kan:
reflektere over maktforhold, profesjonalitet og eiga rolle som yrkesutøvar
bruke fagleg kunnskap og erfaringar til kritisk refleksjon og kommunikasjon og samarbeid under rettleiing i ei gruppe, på ein måte som fremjar inklusjon, deltaking og medverknad
gjere greie for fagomgrep og teoriar, og bruke desse til å forklare fenomen i barnevernsfagleg arbeid
bruke relevant lovverk og regelverk til å reflektere over faglege problemstillingar
bruke ny fagleg kunnskap på ein metodisk og vitskapeleg måte
bruke grunnleggande prinsipp i studieteknikk, fagskriving og skriveprosessar for å tileigne seg, dokumentere og formidle fagleg kunnskap både munnleg og skriftleg
Studenten:
har innsikt i menneskesyn, verdiar og profesjonsetikk i barnevernsfagleg arbeid
kan reflektere over eiga forforståing, haldningar og verdiar og betydninga av personleg og fagleg utvikling og relasjonskompetanse i barnevernsfagleg arbeid
kan setje kunnskap om sosiale problem og sosialpedagogikk inn i kontekst, og gjere vurderingar av korleis maktstrukturar i samfunnet verkar inn på sosiale problem og yrkesutøving
kan formidle fagstoff som teoriar og problemstillingar både skriftleg og munnleg på ein fagleg analytisk måte, og kan kvalitetsutvikle og evaluere sitt eige arbeid
I studiet nyttar ein fleire arbeidsmåtar, som førelesingar, sjølvstudiar, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid. Undervisinga vil bli organisert i modular med ulik fagleg fordjuping:
Modul 1 – Barnevernsfagleg arbeid
Modul 2 - Samfunnsvitskaplege perspektiv i barnevernsfagleg arbeid (felles med SOS151)
Modul 3 - Strukturelle perspektiv og rammer for barnevernsfagleg arbeid (felles med SOS151)
Modul 4 - Fagleg fordjuping i barnevernsfagleg arbeid
Gruppearbeid er ein sentral arbeidsmåte i yrkesfeltet for sosialarbeidarar - både innanfor enkeltprofesjonar, men også på tvers av profesjonar. I første semester vert barnevernspedagogstudentane difor delte inn i læringsgrupper. Føremålet med gruppene er at dei skal vere forum for læring og meiningsutveksling om faglege spørsmål. Fleire læringsgrupper utgjer ei seminargruppe. Seminar vert nytta i samband med ulike studentaktive læringsformer.
Arbeidskrav:
Arbeidskrav 1a: Credo. 1b: Skriftleg innlevering som kan trekkast til mappeeksamen.
Arbeidskrav 2: Skriftleg innlevering som kan trekkast til mappeeksamen.
Arbeidskrav 3: Skriftleg gruppeinnlevering som kan trekkast til mappeeksamen.
Enten arbeidskrav 1b, arbeidskrav 2 eller arbeidskrav 3 vert trekt ut til mappeeksamen.
Nærare om innhald, gjennomføring og godkjenning av arbeidskrav vil gå fram av informasjon i Canvas. Arbeidskrava må vere gjennomførte og godkjende til fastsett tid.
Alle arbeidskrav skal skrivast på norsk.
Obligatorisk deltaking:
For undervisingsaktivitetar som gjeld ferdigheitstrening er det krav om minimum 80 % samla frammøte. Dette gjeld følgjande undervisingsaktivitetar:
Kurs i gruppedynamikk og refleksjon over gruppeprosessar
Workshop om yrkesfeltet for barnevernspedagogar
Ekskursjonar til yrkesfeltet og tilhøyrande seminar
Seminar om heimkommunar
Kasus- og artikkelanalyse med avsluttande seminar
Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Social work, Child Welfare Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | |||
Portfolio | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk. | Alle | 3000 ord |
Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk.