Semesters

BVP151 Introduksjon til sosialt arbeid - barnevernspedagog

Course code: 
BVP151
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Introduksjon til sosialt arbeid - barnevernspedagog
Teaching semester: 
2021 Autumn
Assessment semester: 
2021 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen 

Course content

Målet med dette emnet er at studentane skal få kunnskap om sentrale teoriar, omgrep og perspektiv i ulike fagemne som inngår i sosialt arbeid. I stor grad handlar det om få ei oversikt over rammene som barnevernspedagogar, og brukarane dei har med å gjere, må orientere seg i. Studentane skal møte barnevernspedagogar frå yrkesfeltet, for å få eit perspektiv på forholdet mellom fagemna, studiet og yrkesfeltet for barnevernspedagogar. I emnet skal studentane arbeide med problemstillingar som aukar forståinga deira for barn, unge og familiar sine livsvilkår, og som bidreg til kompetanse i å analysere ulike livsvilkår.  

Det vert lagt vekt på at studentane utviklar ferdigheiter i kommunikasjon, samhandling og gruppeprosessar, og utviklar evne til etisk refleksjon. Sist, men ikkje minst skal emnet bidra til at studentane får eit godt grunnlag for utvikling av kompetanse i studieteknikk, skriftleg framstilling og andre arbeids- og læringsformer som vert nytta i studiet. 

Innhald: 

  • sosialpedagogikkens faghistorie, teori, mandat, kunnskaps- og verdigrunnlag  

  • psykologi og gruppedynamikk 

  • rettssystem, stats- og kommunalrett 

  • sosialantropologi 

  • sosiologi 

  • pedagogikk 

  • stats- og kommunalkunnskap 

  • velferds- og sosialpolitikk 

  • organisasjonskunnskap

  • vitskapsteori og etikk 

Arbeids- og læringsformer: 

  • sjølvstudium, gruppearbeid og deltaking på seminar      

  • ekskursjonar i yrkesfeltet 

  • kurs i drama og gruppedynamikk 

  • rettleiing og vurdering knytt til individuelt arbeid og grupperaktivitetar 

  • øvingar i refleksjon og sjølvrefleksjon  

  • kurs i studieteknikk, fagskriving og kjeldebruk

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om:

  • sentrale teoriar, omgrep og perspektiv i miljøterapeutisk og anna barnevernsfagleg og sosialpedagogisk arbeid 

  • barnevernet som fagområde, barnevernsfeltet si historie, mandat og plass i samfunnet, ansvar og organisatoriske rammer 

  • barnevernspedagogen sin eigenart, rolle og plass i organisasjonen

  • sjølvrefleksive prosessar rundt valet om å bli barnevernspedagog og eiga livshistorie og påverknaden denne har på relasjonar og val ein gjer i yrkesutøvinga  

  • kommunikasjon, relasjon, samhandling og gruppedynamikk i utøving av sosialt arbeid 

  • velferdsstatleg oppgåvefordeling, korleis statlege og kommunale myndigheiter vert organisert og regulert, og betydninga dette har for yrkesutøvinga 

  • velferdspolitikk, velferdsmodellar og ulike velferdspolitiske mål og verkemiddel 

  • korleis samfunnsmessige strukturar og prosessar kan skape og halde ved like sosiale problem, med særleg forståing for barn, unge og familiar i utsette situasjonar  

  • sentrale samfunnsvitskaplege teoriar, erfarings- og brukarkunnskap, og korleis dei bidreg som ulike perspektiv til kunnskapsgrunnlaget i sosialt arbeid 

  • profesjonsetikk og etiske utfordringar i utøving av sosialt arbeid 

  • vitskapsteori, korleis kunnskap vert utvikla og forstått, og moglegheiter og grenser for samfunnsvitskapleg metode 

  • grunnleggjande prinsipp i studieteknikk, fagskriving og skriveprosessar 

Learning outcome skills

Studenten kan:

  • reflektere over maktforhold, profesjonalitet og eiga rolle som yrkesutøvar 

  • bruke fagleg kunnskap og erfaringar til kritisk refleksjon og kommunikasjon og samarbeid under rettleiing i ei gruppe, på ein måte som fremjar inklusjon, deltaking og medverknad 

  • gjere greie for fagomgrep og teoriar, og bruke desse til å forklare fenomen i barnevernsfagleg arbeid 

  • bruke relevant lovverk og regelverk til å reflektere over faglege problemstillingar 

  • bruke ny fagleg kunnskap på ein metodisk og vitskapeleg måte 

  • bruke grunnleggande prinsipp i studieteknikk, fagskriving og skriveprosessar for å tileigne seg, dokumentere og formidle fagleg kunnskap både munnleg og skriftleg 

Learning outcome qualification

Studenten:

  • har innsikt i menneskesyn, verdiar og profesjonsetikk i barnevernsfagleg arbeid 

  • kan reflektere over eiga forforståing, haldningar og verdiar og betydninga av personleg og fagleg utvikling og relasjonskompetanse i barnevernsfagleg arbeid 

  • kan setje kunnskap om sosiale problem og sosialpedagogikk inn i kontekst, og gjere vurderingar av korleis maktstrukturar i samfunnet verkar inn på sosiale problem og yrkesutøving 

  • kan formidle fagstoff som teoriar og problemstillingar både skriftleg og munnleg på ein fagleg analytisk måte, og kan kvalitetsutvikle og evaluere sitt eige arbeid 

Working and learning activities

I studiet nyttar ein fleire arbeidsmåtar, som førelesingar, sjølvstudiar, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid. Undervisinga vil bli organisert i modular med ulik fagleg fordjuping: 

  • Modul 1 – Barnevernsfagleg arbeid 

  • Modul 2 - Samfunnsvitskaplege perspektiv i barnevernsfagleg arbeid (felles med SOS151) 

  • Modul 3 - Strukturelle perspektiv og rammer for barnevernsfagleg arbeid (felles med SOS151)  

  • Modul 4 - Fagleg fordjuping i barnevernsfagleg arbeid 

Gruppearbeid er ein sentral arbeidsmåte i yrkesfeltet for sosialarbeidarar - både innanfor enkeltprofesjonar, men også på tvers av profesjonar. I første semester vert barnevernspedagogstudentane difor delte inn i læringsgrupper. Føremålet med gruppene er at dei skal vere forum for læring og meiningsutveksling om faglege spørsmål. Fleire læringsgrupper utgjer ei seminargruppe. Seminar vert nytta i samband med ulike studentaktive læringsformer. 

Assessment requirements

Arbeidskrav: 

Arbeidskrav 1a: Credo. 1b: Skriftleg innlevering som kan trekkast til mappeeksamen.

Arbeidskrav 2: Skriftleg innlevering som kan trekkast til mappeeksamen.

Arbeidskrav 3: Skriftleg gruppeinnlevering som kan trekkast til mappeeksamen.

Enten arbeidskrav 1b, arbeidskrav 2 eller arbeidskrav 3 vert trekt ut til mappeeksamen.

Nærare om innhald, gjennomføring og godkjenning av arbeidskrav vil gå fram av informasjon i Canvas. Arbeidskrava må vere gjennomførte og godkjende til fastsett tid. 

Alle arbeidskrav skal skrivast på norsk.

Obligatorisk deltaking:  

For undervisingsaktivitetar som gjeld ferdigheitstrening er det krav om minimum 80 % samla frammøte. Dette gjeld følgjande undervisingsaktivitetar: 

  1. Kurs i gruppedynamikk og refleksjon over gruppeprosessar 

  2. Workshop om yrkesfeltet for barnevernspedagogar

  3. Ekskursjonar til yrkesfeltet og tilhøyrande seminar 

  4. Seminar om heimkommunar 

  5. Kasus- og artikkelanalyse med avsluttande seminar 

Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.

Evaluation system
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Betina Haug Olson
Used in other programs
  • Social work, Child Welfare Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Digital eksamen.
Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk.
Portfolio
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk.
Alle
3000 ord
Approval signature: 
Randi Bergem 25.02.2021