Semesters

BVP159 Praksisstudium, 64 dagar

Course code: 
BVP159
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
*
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Autumn
Assessment semester: 
2022 Autumn
Required prerequisite courses
BVP154 Vitskapsteori, metode og prosjektarbeid
BVP155 Psychological topics
BVP156 Theory and working methods in child welfare work
Course content

I dette andre praksisstudiet er det faglege fokuset retta mot å styrke studenten sin vurderings- og avgjerdskompetanse gjennom kritisk og etisk refleksjon. Studenten skal dermed få erfaring med å undersøke, analysere, vurdere, avgjere, planleggje, gjennomføre og evaluere i arbeid med barn, unge, familiar. Studenten skal også få erfaring med å gjere dette i samarbeid med barn, unge og familiar, og i tverrprofesjonelle og tverretatlege samarbeid. Ein naturleg del av dette er i dag også at studenten skal kunne ta i bruk dei digitale verktøya ved praksisplassen. Det er forventa at studenten tar i bruk kunnskap frå tidlegare og parallelle emne.

Internasjonal utveksling kan bidra til utvikling av kunnskap om andre kulturar, mangfald, fattigdom og bakgrunn for migrasjon. Det blir difor lagt til rette for utlandspraksis, som kan gi studentane erfaring med å stå i minoritetsposisjonar, og gi grunnlag for utvikling av global forståing og kultursensitivitet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten: 

  • Har kunnskap om korleis kommunikasjon, relasjon, samhandling og rettleiing av barn, unge, føresette og familiar går føre seg på praksisstaden
  • Har brei kunnskap om kritisk refleksjon som tilnærming i barnevernfagleg arbeid
  • Har kunnskap om dei tverrfaglege, tverretatlege og tverrprofesjonelle samarbeida til praksisstaden
  • Har kjennskap til metodar for arbeid med barn, unge og familiar på praksisstaden
  • Kan oppdatere sin kunnskap om barn og unges digitale kvardagsliv
Learning outcome skills

Studenten: 

  • Kan anvende erfaringar og fagleg kunnskap til å etablere kontakt, byggje relasjonar og kommunisere og rettleie barn, unge og føresette
  • Kan anvende erfaringar og fagleg kunnskap til å reflektere etisk og kritisk over eigen og tenesta sin praksis
  • Kan foreta faglege vurderingar, avgjersler og handlingar i tråd med kunnskapsbasert praksis
  • Kan anvende eit breitt og fleirfagleg kunnskapsgrunnlag for å arbeide systematisk og målretta med barn, unge og familiar
  • Har erfaring med å forstå, undersøke, analysere og fatte avgjersler i barnevernfagleg arbeid
  • Kan samhandle både tverrfagleg, tverrprofesjonelt, tverrsektorielt og på tvers av verksemder og nivå, og initiere slik samhandling
  • Kan anvende digitale verktøy og relevant digital teknologi både på individ- og systemnivå
  • Kan justere praksis under rettleiing
Learning outcome qualification

Studenten: 

  • Har innsikt i eiga forforståing, haldningar, verdiar og betydninga av relasjonskompetanse i barnevernsfagleg arbeid
  • Kan bruke kunnskap, ferdigheiter og erfaringar til å møte barn, unge og familiar i ein utsett livssituasjon med forståing, empati og anerkjenning
  • Kan bruke relevant kunnskap til å undersøke, analysere, vurdere, avgjere, planleggje, gjennomføre og evaluere barnevernfagleg arbeid sjølvstendig og i lag med andre, og i tråd med etiske krav og retningsliner 
Working and learning activities

Emnet går føre seg parallelt med emne BVP157 Praksis i barnevernsfagleg arbeid.

Studenten har i emnet praksis ved ein godkjend praksisstad. Studenten følgjer arbeidstida ved praksisstaden, og tar del i det daglege arbeidet.

Studenten skriv samtidig logg med observasjonar og analysar av erfaringar i praksisstudiet, og har ansvar for sjølvstudium.

Studenten skal ha ein praksisrettleiar ved praksisstaden som har eit rettleiings- og oppfølgingsansvar for studenten, og student og rettleiar møtest minimum ein time i veka for individuell rettleiing. Studenten får også tildelt ein kontaktlærar ved høgskulen, som vil følgje opp faglege oppgåver knytt til studiet og som kjem på praksisbesøk ved praksisstaden.

Det vert også nytta klasseroms- og seminarundervisning i emnet.

Assessment requirements

Vi viser til Retningsliner for praksisstudium ved Bachelor i sosialt arbeid – sosionom og Bachelor i sosialt arbeid – barnevernspedagog.

Obligatorisk deltaking

  1. 64 dagar praksis ved godkjent praksisstad, der studenten kan ha maksimalt åtte dagar fråvær. Fråvær utover dette må takast igjen.

Nærare informasjon om obligatorisk deltaking vil gå fram i Canvas. Vi viser elles til § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav

  1. Innlevering av praksisavtale
  2. Innlevering av innstilling til stått/ikkje stått praksis frå praksisstaden

Nærare informasjon om arbeidskrava vil gå fram i Canvas. Vi viser elles til § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Gerd Skjong
Ann-Iren Høgalmen
Jarle Pedersen
Used in other programs
  • Social work, Child Welfare Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
64 Days
Pass / fail
Jf. Retningsliner for praksisstudium (…) vert samla vurdering av praksis gjort av kontaktlærar og praksisrettleiar.