Semesters

BVP251 Kunnskap om og arbeid med samansette livsproblem

Course code: 
BVP251
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Spring
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
BVP154 Vitskapsteori, metode og prosjektarbeid
BVP155 Psychological topics
BVP156 Theory and working methods in child welfare work
Course content

Barnevernsfagleg arbeid er eit samansett kunnskapsfelt, og består ofte av arbeid med samansette problem i samansette system. Dette stiller krav til barnevernspedagogen sin analytiske kompetanse – evne til å sjå, forstå og handtere det samansette – på både saksnivå, kunnskapsnivå og systemnivå. I møte med barn og familiar med samansette problem er det ikkje alltid lett å vite kvar ein skal setje inn tiltak (først), og kva tiltak som kan fungere. Ofte krevjast tiltak på fleire livsområde. I mange familiar og hos mange barn og unge kjem det samansette til uttrykk i mellom anna rus- og psykiske helseproblem.

I den første delen av emnet vil studentane derfor få meir kunnskap om psykiske helseproblem, forklaringsmodellar og ulike forståingar av korleis psykiske vanskar kan utvikle seg. Samtidige rus- og psykiske lidingar, og samanhengen mellom desse, vil også bli tematisert. Vidare vil studentane lære om handtering av slike problem i psykisk helsearbeid, der ein legg vekt på samanhengane mellom val av forståingsmåte og fagleg tilnærming/intervensjon. Det vert lagt vekt på kunnskapsbasert praksis og studentane si innsikt i dei forståingane og prinsippa som ulike kunnskapsbaserte tiltak byggjer på. Vidare skal emnet gje studentane eit grunnlag for å kunne setje seg inn i og vurdere tiltak og kunnskapsbidrag på feltet i framtida.  

Tema psykisk helse og rus vil også bli problematisert innanfor ein familiekontekst, med spesielt fokus på korleis foreldre sine vanskar kan påverke barn sin oppvekst og utvikling.

I den andre delen av emnet vil ein fokusere på korleis det samansette kjem til uttrykk i barnevernet, som i seg sjølv er et samansett system. Dette kan vere ein arena med mange dilemma og konfliktar – mellom menneske, fag, interesser, profesjonsutøvarar og system. I barnevernet er det få evidensbaserte metodar som vert tatt i bruk, og arbeid både gjennom og utan desse krevjar høg grad av skjønnsbruk. Dette fordrar at barnevernspedagogar må kunne reflektere kritisk over eigen og tenesta sin praksis, finne handlingsrom i dei eksisterande rammene, og kjenne igjen situasjonar der profesjonsutøvar og/eller tenesta kjem til kort.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • Har brei kunnskap om kommunikasjon, konflikthandtering og samarbeid
  • Har brei kunnskap om psykisk helse- og rusproblem, og ulike forklarings- og forståingsmodellar
  • Har brei kunnskap om psykisk helsearbeid, rusbehandling, barnevernsfagleg arbeid, og verdien av tverrfagleg samarbeid
  • Har kunnskap om rettsreglar for behandling og tvang, kan vurdere risiko for uønskte hendingar, og kjenne til metode for å følge opp dette systematisk
  • Har kunnskap om korleis profesjonsetikk og profesjonsutøvaren sine verdiar kjem til uttrykk i møte med relasjonelle og systemiske dilemma i det samansette barnevernsfeltet
  • Kjenner til nyare forsking om menneske i samansette livssituasjonar som er relevant for yrkesutøvinga
  • Kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar, og kan oppdatere sin kunnskap om relevante fagdebattar, forskings- og utviklingsarbeid
  • Kan oppdatere sin kunnskap om sosial ulikheit si betydning for enkeltpersonar og grupper, for å kunne bidra til god folkehelse og arbeidsinkludering
Learning outcome skills

Studenten:

  • Kan anvende forskingskunnskap, erfaringskunnskap og kunnskap frå barn, unge og foreldre som grunnlag for kunnskapsbasert praksis, og vise vidare ved behov
  • Kan beherske kartlegging av samansette livsproblem i møte med menneske, og bruke relevante perspektiv for å hjelpe og fremje sjølvstende og meistring
  • Kan nytte fagleg kunnskap og skjønn til å rettleie barn, unge, deira foreldre og føresette i lærings-, meistrings- og endringsprosessar
  • Kan reflektere kritisk over eigen og andre sin yrkesutøving med sikte på å få fram alternative perspektiv og handlingsstrategiar
  • Kan reflektere etisk og fagleg over aktuelle problemstillingar, utøve fagleg skjøn og kritisk vurdere forskingsbasis for og nytta av evidensbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid
  • Kan finne, vurdere og vise til fagleg kunnskap som kan nyttast til fagutvikling, kvalitetsutvikling og tenesteinnovasjon
  • Kan dokumentere og formidle faglege analyser og vurderingar, munnleg og skriftleg
Learning outcome qualification

Studenten:

  • Kan planlegge og gjennomføre kunnskapsbasert praksis sjølvstendig og saman med andre på ein etisk og fagleg forsvarleg måte i møte med samansette livsproblem og systemutfordringar
  • Har innsikt i teoretiske og praktiske perspektiv for å forstå og handtere yrkesrelevante problem og utfordringar
  • Har innsikt i barnevernspedagogen si rolle i hjelpeapparatet og dei rettsreglane som regulerer arbeid med menneske med samansette livsproblem
  • Kan formidle og utveksle synspunkt om kunnskap og grunngi arbeidsmåtar relevant for arbeid med barn, unge og familiar med samansette livsproblem
Working and learning activities

Undervising, seminar, gruppearbeid og øvingar, eigenstudiar og individuell førebuing til seminar. Delar av undervisinga er organisert felles for barnevernspedagog- og sosionomstudiet.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Arbeidskrav

  1. Deltaking på 80 % av seminara i emnet
  2. Skriftleg arbeid ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70 % frammøte til undervisningsaktivitetar. 
Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Bente Hasle
Used in other programs
  • Social work, Child Welfare Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
5 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade