Semesters

DIGKOMP2-KFB Digital praksis og profesjonsutvikling i barnehagen

Course code: 
DIGKOMP2-KFB
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Course content

Emnet Digital praksis og profesjonsutvikling i barnehagen bygg vidare på innføring i digital kompetanse og praksis i barnehagen. Her vidareutviklar studenten sine praktiske kunnskapar og ferdigheiter, til nye område som t.d. utvida virkeligheit (VR/AR) og nye modalitetar.

Emnet fokuserer vidare på deling og studentane får øve seg på å verte reflekterte digitalt kompetente pedagogar i barnehagen. Studentane fordjuper seg i teknologiske og pedagogiske utfordringar knytt til eigen arbeidsplass, gjennom å analysere, utvikle, gjennomføre og evaluere læringsprosessar i kollegiet i barnehagen.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal

  • anvende kunnskap om og analysere kreativ og skapande digital praksis i barnehagen.
  • sjå og vurdere PDFK som del av barnehagen sitt samfunnsmandat
  • anvende kunnskap om digital dømmekraft, personvern og andre rammer som regulerer digital praksis, til systematisk kollektive læringsprosessar i barnehagen
  • samanstille kunnskap om og foreslå konsekvensar av moderne barndom og mediesamfunnet for barnehagens praksis
  • kjenne teoretisk fundament for og utnytte kollektive læringsprosessar, til utvikling av  verdiar og læringssyn i barnehagen
  • analysere og utrede konsekvensar for digital praksis som del av ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling, og for å skape eit rikt og allsidig læringsmiljø
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • vurdere og tilpasse bruk av modalitetar i både tradisjonelle medium og til dømes VR/AR til ein variert digital barnehagepraksis, gjennom kollektive læringsprosessar
  • produsere, vurdere og evaluere planar for læringsprosessar som tematiserer kunnskapsmåla i emnet.
Learning outcome qualification

Studenten

  • tek ansvar for lokal kompetanseutvikling og profesjonsfellesskap
  • anerkjenner utfordringar i mediesamfunnet og viser evne til å ta grep for å imøtekome dei
Working and learning activities

Studiet er nettbasert og fundamentert på studentaktive læringsformer med fokus på praktisk utprøving på eigen arbeidsplass. Studenten kan jobbe seg gjennom studiet tilpassa eigen kvardag (asynkront). Vi nyttar Teams som supplement til Canvas sine kommunikasjonsverktøy for å styrke sosialisering og relasjonsbygging i studentgruppa. Slik får studentane også med seg perspektiv på, ikkje berre bygd på eigen bakgrunn. Innhaldet i emnet består av leksjonar, som eksemplifiserer korleis digital praksis kan nyttast på eit mangfald av fagområde og kontekstar. Vurdering for læring ligg til grunn for læringsdesign og leder fram mot arbeidskrav og mappevurdering.

Assessment requirements

Frammøtekrav: ingen.

Arbeidskrav:

  1. Studenten skal planlegge, praktisere, dokumentere og evaluere aktivitetar med digitale element
  2. Studenten skal gjennomføre og evaluere kunnskapsdeling i eigen barnehage.  

Arbeidskrava vil bygge på aktivitetane i ulike delane av emnet og vidareutviklast til vurderingsmappa som utgjer eksamen

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
75
Person in charge: 
Synnøve Hedemann Amdam
Used in other programs
  • Preschool Digital literacy
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
7 Days
Pass / fail
100
Approval signature: 
Arne Myklebust