Semesters

DKL01K Profesjonsfagleg digital kompetanse og læringsnettverk

Course code: 
DKL01K
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
5
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Ny teknologi krev at skulen utviklar seg. Internett har bidrege til at alle kan samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i samfunnsdebatten. Samtidig blir samfunnet meir spesialisert og det vert vanskelegare å planlegge læring for framtida sin kompetansebehov enn tidlegare. Evna til å finne og tileigne seg den informasjonen og kompetansen ein til ei kvar tid treng som lærar, vil i framtida bli stadig viktigare. Emnet DKL01K har eit særleg fokus på å utvikle din eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse gjennom læringsnettverk. Dette nettverket består av personar og kunnskapselement. Det er viktig med kompetanse i å finne fram, sile ut, skape og bruke innhald i ulike ressursnettverk. Emnet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten har:

  • grunnleggjande kunnskap om profesjonsfaglig digital kompetanse
  • grunnleggjande kunnskap om digital dømmekraft og nettvett
  • grunnleggjande kunnskap om informasjonssøk på nett
  • grunnleggjande kunnskap om bruk av sosiale medier i læringssamanheng
Learning outcome skills

Kandidaten kan:

  • finne, vurdere og ta i bruk digitale ressursar i eige didaktisk arbeid
  • etablere og bruke nettverk som ein del av eiga kompetanseutvikling
  • vurdere digitale verkty effektivt og nytte desse i ein læringssamanheng
Learning outcome qualification

Kandidaten:

  • kan planleggje og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller i gruppe
  • forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysninger, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
  • kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
  • har kjennskap til og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Working and learning activities

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar.

Assessment requirements

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, angitt i semesterplan.

Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimum number of students: 
20
Maximum number of students: 
75
Costs

700 kr.

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual or Group exam
1 Semester
Pass / fail
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Approval signature: 
Aud Folkestad