Semesters
DKL01K Profesjonsfagleg digital kompetanse og læringsnettverk
Ingen
Ny teknologi krev at skulen utviklar seg. Internett har bidrege til at alle kan samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i samfunnsdebatten. Samtidig blir samfunnet meir spesialisert og det vert vanskelegare å planlegge læring for framtida sin kompetansebehov enn tidlegare. Evna til å finne og tileigne seg den informasjonen og kompetansen ein til ei kvar tid treng som lærar, vil i framtida bli stadig viktigare. Emnet DKL01K har eit særleg fokus på å utvikle din eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse gjennom læringsnettverk. Dette nettverket består av personar og kunnskapselement. Det er viktig med kompetanse i å finne fram, sile ut, skape og bruke innhald i ulike ressursnettverk. Emnet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har:
- grunnleggjande kunnskap om profesjonsfaglig digital kompetanse
- grunnleggjande kunnskap om digital dømmekraft og nettvett
- grunnleggjande kunnskap om informasjonssøk på nett
- grunnleggjande kunnskap om bruk av sosiale medier i læringssamanheng
Kandidaten kan:
- finne, vurdere og ta i bruk digitale ressursar i eige didaktisk arbeid
- etablere og bruke nettverk som ein del av eiga kompetanseutvikling
- vurdere digitale verkty effektivt og nytte desse i ein læringssamanheng
Kandidaten:
- kan planleggje og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller i gruppe
- forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysninger, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
- kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
- har kjennskap til og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, angitt i semesterplan.
Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
700 kr.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual or Group exam | 1 Semester | Pass / fail | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |