Semesters
DKL07KV Bruk av G Suite for Education i undervisninga for 4.-10. trinn
Ingen
Undervisning og skulearbeid i ein digital kvardag stiller stadig større krav til gode verktøy for lagring, samskriving, kommunikasjon, presentasjon og deling av arbeid. Emnet DKL07 tar for seg korleis lærarane på skulane kan ta i bruk G Suite for education i møte med desse utfordringane, med vekt både på moglegheiter og avgrensingar. Studiet ser på pedagogisk bruk av verktøya, men ser også på sikkerheit og praktisk bruk av plattformen for elevar og lærarar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten kan bruke G Suite for Education på ein hensiktsmessig og medviten måte i klasserommet, for å gi meir pedagogisk variasjon og en meir effektiv bruk av digitale ressursar.
Kandidaten har:
- oppdatert og utvida sine kunnskapar om læring og undervisning.
- grunnleggjande kunnskapar om effektiv bruk av skytjenester, med fokus på G Suite for Education sine løysninger.
- grunnleggjande kunnskap om Google Classroom som digitalt læringsmiljø, til dømes til kommunikasjon, lagring, samarbeid, oppfølging og vurdering.
Kandidaten kan:
- ta i bruk digitale verktøy i planlegging og gjennomføring av læringsarbeidet.
- produsere, dele og samarbeide med elevar og kollegaer via Google Drive og andre produksjonsverktøy frå G Suite for Education.
- initiere, følgje opp og vurdere elevarbeid gjennom Google Classroom.
- Betra forståing for teknologiens plass og potensiale i eit moderne klasserom.
- Betra evne til å ta i bruk digitale verktøy i undervisning og kollegialt samarbeid.
- Auka profesjonsfaglig digital kompetanse
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, oppgitt i semesterplan.
Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Kr. 2.300,- + semesteravgift
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual or Group exam | Semesters | Pass / fail | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |