Semesters
DKL08K Nettbrett og koding på småskuletrinnet
Ingen.
Fokus på koding i skulen gir elevane høve til å forstå korleis mykje av teknologien dei omgir seg med til dagleg fungererer og er oppbygd. I dette emnet fokuserer vi på ulike måtar å jobbe praktisk med koding på frå 1.trinn og oppover, der vi startar utan digitale hjelpemiddel (“unplugged programmering”), før vi prøver ut blokkbasert koding med nettbrett til dømes med lego-figurar (Lego WeDo). Vi jobbar vidare med fysisk koding (“physical computing”), t.d. ved hjelp av Bluebot og andre relevante verktøy for småskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: Studenten kjenner til korleis elevane kan nytte programmering i læringsarbeid, og kan sjølv nytte programmering som lærar.
Kandidaten
- har grunnleggjande kunnskapar om oppskrifter i koding (algoritmisk tankegang)
- har kunnskapar om undervisningsmetodar for koding i skulen
- kjenner til programmeringa si historie og plass i samfunnet
- har grunnleggande kunnskap om aktuelle verktøy for koding til bruk i småskulen
Kandidaten kan:
- utforme enkle algoritmar og pseudokode
- lage enkle program ved hjelp av blokkprogrammering/visuell programmering
- integrere programmering i læringsarbeidet med sine elevar
- vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
Kandidaten har:
- Betra forståing for teknologien sin plass i samfunnet
- Betra evne til systematisk tenking og korleis teknologi kan støtte den.
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, angitt i semesterplan
Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Kr. 2.300,-
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual or Group exam | 1 Semester | Pass / fail | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk i LMS'et emnet vert gjennomført i. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |