Semesters
DKL09K Digital samarbeidslæring i Google Suite for Education
Anbefalte forkunnskapar: Grunnleggjande erfaring med G Suite for Education tilsvarende DKL07K.
Digitale verktøy som G Suite for Education gir nye moglegheiter for samarbeid. I dette emnet arbeider vi praktisk med å leggje til rette for digitalt samarbeid, med spesiell vekt på vurdering for læring, framovermelding, mappearbeid, kamerat- og eigenvurdering.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten kan bruke G Suite for Education på ein hensiktsmessig og medviten måte som fremjer digitalt samarbeid og vurdering for læring.
Kandidaten:
- har kunnskap om verktøy og metodar knytte til digital samarbeidslæring, vurdering for læring, framovermelding, mappearbeid, kamerat- og eigenvurdering.
- kan utvikle sin kunnskap innan G Suite for Education og samarbeidslæring
- kjenner til den digitale samarbeidslæringa si eigenart og plass i samfunnet
Kandidaten:
- kan nytte fagleg kunnskap om digital samarbeidslæring, vurdering for læring, framovermelding, mappearbeid, kamerat- og eigenvurdering i planlegging og utføring av læringsarbeid, og gjere greie for sine valg
- kan reflektere over eigen faglig utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og knytte dette til læringsarbeid
- kan bruke G Suite for Education i arbeid med digital samarbeidslæring, vurdering for læring, framovermelding, mappearbeid, kamerat- og eigenvurdering
Kandidaten:
- har kunnskap om rammeverket for profesjonsfagleg digitale kompetanse (PfDk)
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt aleine og som deltakar i gruppe og i tråd med lærarprofesjonen sin etiske plattform og gitte retningslinjer
- kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis med
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, oppgitt i semesterplan.
Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Kr. 2.300,-
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual or Group exam | 1 Semester | Pass / fail | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |