Semesters
- 2025 Spring
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
DKL112N Læringsdesign og klasseromsleiing i teknologirike læringsmiljø
Ingen.
I studiet DKL112N ser vi nærare på samanhengen mellom klasseleiing og læringsdesign i teknologirike klasserom. Digitale verktøy og teknologiske løysingar pregar livet vårt både på og utanfor skulen. I skulen og klasserommet skal læraren halde fast ved skulen si kjerneverksemd samstundes som han/ho skal tilrettelegge for bruk av digitale verktøy i elevane sitt læringsarbeid. Det kan vere utfordrande å integrere og balansere “det nye” og “det gamle” i eit komplekst samspel. Å auke medvitenheita kring denne samanhengen kan gjere det enklare for lærarar å oppleve å ha struktur og oversikt i klasserommet, også når IKT vert brukt. Studiet har tett fagleg oppfølging, med tilbakemeldingar og diskusjonar, og moglegheit for samarbeid eller individuelt arbeid etter eige ønske.
Læringsdesign fokuserer på planlegging, utforming og gjennomføring av læreprosessar som også involverer teknologi. Klasseleiing er ein pedagogisk kjernekompetanse som handlar om læraren si evne til å tilrettelegge for elevane si læring, individuelt og i fellesskap. I DKL112N har vi fokus på samspelet mellom læringsdesign og klasseleiing, og vektlegg studenten si utvikling av eigen yrkespraksis. Emnet tek utgangspunkt i det daglege virket til pedagogen og har ei praktisk tilnærming til undervisningsplanlegging, anten for den vidaregåande skulen, for ungdomskulen eller barneskulen. Studenten planlegg undervisning for sine elevgrupper (der dette er mogleg). Didaktisk arbeid med digitale verkty og ressursar utgjer ein naturleg del av læringsprosessen til dagens born og unge. Studentane får opplæring og erfaringspraksis i planlegging og utforming av undervisning med digitale verkty, og kunnskap om ulike metodar, læringsressursar og verkty for ulike typar læringsaktivitet og kurs. Emnet kan takast som ein del av eit årsstudium, eit halvårsstudium, eit deltidsstudium eller som eit sjølvstendig emne.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
- har kunnskap om læringsdesign i teknologirike miljø
- har kunnskap om klasseleiing i teknologirike læringsmiljø
- har kunnskap om baklengs planlegging og forholdet til problemløysning og læring
- har grunnleggande kunnskap om prosessar i læringsdesign og modellering av læringsdesign
- har grunnleggjande kunnskap om born og unge sin mediekultur
Kandidaten:
- kan reflektere over eigen praksis og justere den under rettleiing
- kan ta i bruk kunnskap og relevante resultater frå forskningsarbeid i praktiske og teoretiske oppgåver og gjere velbegrunna val
- kan lage og bruke eit læringsdesign til bruk i ein læringssamanheng
- kan evaluere og vurdere læringsdesign
- kan reflektere over eigen praksis og læringsprogresjon
Kandidaten:
- har forståing for korleis teknologiutviklinga endrer premiss for undervisningsplanlegging/læringsdesign og klasseleiing
- kan planlegge og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller gruppe
- forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysningar
- kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
- viser kjennskap og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).
Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.
Kva for arbeidskrav som ligg til grunn vil til ei kvar tid gå fram av gjeldande semesterplan.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Kr. 4.000,-
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |