Semesters
DKL115N Barnehagen i ein digital tidsalder
Ingen
Det primære formålet med emnet DKL115N er å setje barnehagelæraren og barnehagen i stand til å ivareta emna i Rammeplan for barnehagen. Kreativ og målretta bruk av digitale verkty og arbeidsmåtar står sentralt i emnet. Arbeidet du gjer som student skal gje deg kunnskap om born sine tidlege digitale ferdigheiter. Emnet har særleg fokus på barnet si utvikling av digital kompetanse som eit element i barnet si allsidige utvikling. Digitale verkty vert sett på som ressursar til leik, kommunikasjon og kunnskapsbygging. DKL115N har fokus på utvikling av eigen yrkespraksis. Emnet tek utgangspunkt i det daglege virket til barnehagepedagogen og har ei praktisk tilnærming til aktivitetsplanlegging for barnehagen.Emnet kan takast som ein del av eit årsstudium, eit halvårsstudium, eit deltidsstudium eller som eit sjølvstendig emne.
Standardtekst inn her
Kandidaten:
- har kunnskap om born sine tidlege digitale ferdigheiter og danning
- har kunnskap om barnehagen sitt ansvar ift nettjuss og etikk
- har kunnskap om korleis born brukar digitale verkty i leik og læring
- har kunnskap om korleis barnehagen kan bruke digitale verkty i arbeidet med sosial utjamning
- har kunnskap om korleis barnehagen kan hjelpe borna til å reflektere over inntrykk mediesamfunnet vårt gir dei, og korleis ein kan sortere og bruke slike inntrykk kreativt i samværet med borna
Kandidaten:
- kan arbeide kreativt med digitale verkty i barnehagen
- kan bruke borna sine digitale arbeid i barnehagen sin dokumentasjon
- kan rettleie og vurdere born i arbeid med digitale media og medieuttrykk
- kan reflektere over eiga fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver
Kandidaten:
- kan legge til rette for, støtte og rettleie born i korleis lage multimedieprodukt
- kan planlegge og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller i gruppe
- forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysningar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
- kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
- har kjennskap til og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Det er obligatorisk frammøte ved samlingane i emnet. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
a) Studenten skal levere svar på to større arbeidsoppgåver. Kvar av oppgåvesvara skal vere godkjende av faglærar for at studenten får gå opp til avsluttande eksamen. Studenten har to forsøk på å få godkjent kvart oppgåvesvar. Innleveringstidspunkt vil gå fram av semesterplanen. Faglærar definerer nærare tema for- og omfang på oppgåvene .
b) Arbeid med innhald frå alle delemna skal dokumenterast gjennom publisering til studieblogg. Faglærar definerer nærare kva for krav det er til dokumentasjon.
c) Studenten skal delta i læringsaktivitetar gjennom heile kurset.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Kr. 4000,-
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |
a) Eitt oppgåvesvar frå arbeidskrav a. Avhengig av kva for oppgåvesvar som vert levert, skal omfanget vere mellom 1500 - 2500 ord, i tillegg til eventuelt lyd/bilete/video-materiale som oppgåveformuleringa krev.
b) Tre av innlegga frå arbeidskrav b. samt ein kommentar til ein medstudent sitt innlegg i sin studieblogg. Innlegga skal vere samla i eitt dokument.
c) Ei grunngjeving (utvalsrefleksjon) for utvalet (mellom 1200 - 2000 ord).Elementa blir vurdert samla med vekt på utvalsrefleksjon.