Semesters

DKL117N Tilpassa opplæring med digitale ressursar

Course code: 
DKL117N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Med krav om tilpassa opplæring i eit inkluderande fellesskap og digitale ferdigheiter som ei grunnleggjande ferdigheit, aukar behovet for tilrettelegging for bruk av digitale ressursar i ein stadig meir digitalisert kvardag. Bruk av digitale ressursar gir nye moglegheiter for variasjon, differensiering, individuell tilpassing, nivåinndeling og adaptiv læring i eit læringsfellesskap. Digitale ressursar omfattar digitale verktøy som datamaskiner, nettbrett, mobiltelefon og kamera, samt digital programvare, internett og digitale læremiddel. Emnet tek utgangspunkt i tilpassa opplæring med digitale ressursar for alle elevar i ordinær undervisning. 

Tilpassingsmoglegheitene aukar i takt med tilgangen på teknologi, digitale verktøy og ressursar. Tilrettelegging for elevane sitt læringsutbytte i eit digitalt samfunn krev ferdigheiter og kunnskapar for best mogleg utbytte av dei digitale ressursane. Dette omfattar blant anna utprøving og vurdering av digitale ressursar, samt kunnskapar om trygg og variert bruk av ressursane. Bruk av digitale ressursar i eit læringsmiljø krev god kjennskap til eit mangfald av programvare. I tillegg krev det kunnskapar om digital dømmekraft og om barn og unge sin mediekultur. Utprøving og bruksområde for ulike digitale læringsressursar vil difor stå sentralt. Kopling mellom ressurs, læringsmål og faginnhald, samt barn og unge sin mediebruk og utøving av digital dømmekraft vert også vektlagt. 

Emnet er utvikla for å gi eit tilbod til lærarar og pedagogar i grunnskulen som ønsker å utvikle sin profesjonsfaglige digitale kompetanse med tanke på tilpassa opplæring. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • forståing for tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysingar, både gjennom fagstoff og ved bruk av digitale ressursar

  • grunnleggjande kunnskap om vurdering og bruk av digitale ressursar i læringssamanheng

  • oppdaterte kunnskapar om tilpassa opplæring i eit inkluderande læringsmiljø 

  • kjennskap til og forståing for forskning og utvikling innan tilpassa opplæring ved bruk av digitale ressursar 

  • grunnleggjande kunnskapar om barn og unge sin mediekultur i eit digitalt samfunn

  • forståing for korleis digital teknologi og digitale ressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane i læringsprosessen

Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • ta i bruk eit breitt repertoar av digitale læringsressursar og varierte arbeidsmetodar for tilpassa opplæring til ulike elevar sine behov

  • legge til rette for, støtte og rettleie elevane i sin bruk av digitale ressursar

  • finne, vurdere, velge og integrere bruk av digitale læringsressursar basert på didaktiske og behovsmessige betraktningar

  • utvikle eit variert og inkluderande læringsmiljø ved bruk av digitale ressursar

  • gjere seg nytte av elevane sin mediekulturelle- og digitale kompetanse i læringssamanheng

  • bruke digitale ressursar for å skape varierte og tilpassa læringsaktivitetar og vurderingsformer

  • legge til rette for ulike behov og læringsutbytte ved å utnytte moglegheiter som digital teknologi og digitale ressursar gir for tilpassa opplæring

Learning outcome qualification

Studenten skal 

  • ha opparbeidd seg nye erfaringar med bruk av digitale ressursar som kan vidareførast til eigen praksis 

  • kunne fremme den enkelte elev si lærelyst, motivasjon og tru på eigne moglegheiter for å lære, skape, samhandle og dele i digitale omgjevnadar

  • ha oppnådd profesjonsfaglig digital kompetanse som kan bidra til skulen si utvikling i samsvar med digitale endringar i samfunnet
Working and learning activities

Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar, læringsressursar, øvingar og oppgåver. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer, både individuelt og gjennom diskusjonar og erfaringsutveksling. Arbeidsoppgåvene vil bli relatert til læring og formidling ved hjelp av digitale ressursar. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).

 

Assessment requirements

Frammøtekrav:
Ingen

Arbeidskrav

Vilkår for å framstille seg til eksamen er to godkjende arbeidskrav gjennom semesteret (mappeoppgåve 1 og mappeoppgåve 2). Omfanget av desse arbeidskrava utgjer til saman ca 6000 ord.  

Desse oppgåvene utgjer også eksamensmappa som skal leverast og vurderast ved semesterslutt. I eksamensmappa inngår også eit refleksjonsnotat.

Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Jarle Hauge Steffenssen
Costs

Kr. 5.000,- + semesteravgift

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten skal levere ei mappe som består av revidert versjon av dei to oppgåvene frå arbeidskravet.
Approval signature: 
Arne Myklebust