Semesters
DKLYB101 Profesjonsfagleg digital kompetanse for yrkesfaglærarar
Ingen.
Emnet har eit særleg fokus på eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse som yrkesfaglærar. For å kunne utvikle digitale fagkunnskapar hos elevane må lærarane utvikle sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse med eit tosidig siktemål: Det eine handlar om profesjonsutvikling, det andre om sjølve profesjonsutøvinga. Emnet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar, og ein får utvikla seg fagleg både profesjonelt og personleg gjennom å tileigne seg nye læringsmetodar for livslang læring. Emnet vil tematisere sentrale delar av rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse (IKT-senteret, mai 2017) og er ein del av regjeringa si satsing «Yrkesfaglærarløftet – for framtidas fagarbeidarar».
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
har kunnskapar om rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse
har kunnskapar om metodar for læring i teknologirik opplæring
kjenner til barn og unge sin mediekultur
har kunnskapar om digital dømmekraft og digital studieteknikk
kjenner til metodar for å utvikle kunnskap om bruk av digitale ressursar og læringsnettverk
Kandidaten kan:
vurdere og reflektere over sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse
finne, vurdere og ta i bruk digitale ressursar og verkty i eige didaktisk arbeid
tilretteleggje for gode læringsprosessar i teknologirike omgjevnader
etablere og bruke nettverk som ein del av eiga kompetanseutvikling
Kan anvende kunnskap og ferdigheter på sjølvstendig vis i ulike situasjoner i utdanning- og yrkessammenheng gjennom samarbeid, refleksjon og kritisk tenkning.
Har betra forståing for teknologien sin plass i samfunnet
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Emnet gir totalt 15 studiepoeng, fordelt over tre semester (5 studiepoeng på kvart) på deltid. Det er lagt opp til ei felles oppstartssamling. Emnet vil blir organisert med ei veksling mellom 1) skulebasert samarbeidstid organisert lokalt med kunnskapsdeling, praktisk utprøving og nettbasert rettleiing, 2) utviklingsarbeid knytt til eigen undervisings- og opplæringspraksis mellom samlingane, og 3) nettleksjonar og samarbeid på nett. Det blir lagt opp til at deltakarane i emnet skal dele sine arbeid med kvarandre og/eller sine lærarkollegium lokalt på skulen der dei arbeider gjennom obligatoriske arbeidskrav knytt til kvart delemne.
Frammøtekrav:
Ingen.
Arbeidskrav:
Emnet har kontinuerlig mappeeksamen der 80% av mappearbeidskrava og fordypnings-/utviklingsoppgåva må vere godkjende for å få godkjent eksamen.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 3 Semester | Pass / fail | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeid frå heile studiet. Vurderingsmappa leverast i Canvas. |