Semesters

DKLYB101 Profesjonsfagleg digital kompetanse for yrkesfaglærarar

Course code: 
DKLYB101
Duration: 
3 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
2020 Spring
2020 Autumn
Assessment semester: 
2020 Autumn
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet har eit særleg fokus på eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse som yrkesfaglærar. For å kunne utvikle digitale fagkunnskapar hos elevane må lærarane utvikle sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse med eit tosidig siktemål: Det eine handlar om profesjonsutvikling, det andre om sjølve profesjonsutøvinga. Emnet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar, og ein får utvikla seg fagleg både profesjonelt og personleg gjennom å tileigne seg nye læringsmetodar for livslang læring. Emnet vil tematisere sentrale delar av rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse (IKT-senteret, mai 2017) og er ein del av regjeringa si satsing «Yrkesfaglærarløftet – for framtidas fagarbeidarar».

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten:

  • har kunnskapar om rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse

  • har kunnskapar om metodar for læring i teknologirik opplæring

  • kjenner til barn og unge sin mediekultur

  • har kunnskapar om digital dømmekraft og digital studieteknikk

  • kjenner til metodar for å utvikle kunnskap om bruk av digitale ressursar og læringsnettverk

Learning outcome skills

Kandidaten kan:  

  • vurdere og reflektere over sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse

  • finne, vurdere og ta i bruk digitale ressursar og verkty i eige didaktisk arbeid

  • tilretteleggje for gode læringsprosessar i teknologirike omgjevnader

  • etablere og bruke nettverk som ein del av eiga kompetanseutvikling

Learning outcome qualification
  • Kan anvende kunnskap og ferdigheter på sjølvstendig vis i ulike situasjoner i utdanning- og yrkessammenheng gjennom samarbeid, refleksjon og kritisk tenkning.

  • Har betra forståing for teknologien sin plass i samfunnet

Working and learning activities

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Emnet gir totalt 15 studiepoeng, fordelt over tre semester (5 studiepoeng på kvart) på deltid. Det er lagt opp til ei felles oppstartssamling. Emnet vil blir organisert med ei veksling mellom 1) skulebasert samarbeidstid organisert lokalt med kunnskapsdeling, praktisk utprøving og nettbasert rettleiing, 2) utviklingsarbeid knytt til eigen undervisings- og opplæringspraksis mellom samlingane, og 3) nettleksjonar og samarbeid på nett. Det blir lagt opp til at deltakarane i emnet skal dele sine arbeid med kvarandre og/eller sine lærarkollegium lokalt på skulen der dei arbeider gjennom obligatoriske arbeidskrav knytt til kvart delemne.

 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Ingen.

Arbeidskrav:

Emnet har kontinuerlig mappeeksamen der 80% av mappearbeidskrava og fordypnings-/utviklingsoppgåva må vere godkjende for å få godkjent eksamen. 

Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
130
Person in charge: 
Stian Cornelius Fagerlid
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
3 Semester
Pass / fail
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeid frå heile studiet. Vurderingsmappa leverast i Canvas.
Approval signature: 
Arne Myklebust