Semesters
DR111 Inn i dramafaget
Ingen
Inn i dramafaget er eit emne som fokuserer på ulike måtar å nytte drama og teater i arbeid med barn og unge. Emnet har ei praktisk-teoretisk tilnærming til faget og vil vere med å kvalifisere deg for arbeid som drama- og teaterpedagog i skule og kulturskule. Emnet kan takast som ein del av eit bachelor-program i drama/teater, eit studium på 30 eller 60 studiepoeng, eller som eit sjølvstendig emne.
-
Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om utvalde drama- og dramapedagogiske tema, teoriar og problemstillingar grunnleggjande kunnskap om utvalde drama- og dramapedagogiske metodar, verkty og prosessar.
Kandidaten kan nyttiggjere seg kunnskap i praktiske og teoretiske oppgåver planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg saman med andre, grunngje vala sine og reflektere over dei estetiske læringsprosessane i drama.
-
Undervisinga er obligatorisk og vil ha ulike former som praktisk/kunstnarisk arbeid, temaseminar, førelesing, prosjektarbeid, framføring, sjølvstudium og rettleiing. Skriftleg dokumentasjon i form av rapportar, prosess/produktevaluering, scenarier, oppgåveskriving mm, vert knytt til både det praktiske og teoretiske arbeidet. Studentane brukar IKT som hjelpemiddel både i samband med teoretisk og praktisk arbeid. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav
- Planleggje og gjennomføre eit dramaopplegg i ei elevgruppe
- Skrive eit fagdidaktisk refleksjonsnotat (ca. 1500 ord) knytt til eigen vurdering av dette dramaopplegget
- Skrive eit responsnotat (ca 500 ord) til ein medstudent, knytt til medstudenten sitt faglege refleksjonsnotat
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §5-11:https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697/KAPITTEL_5#KAPITTEL_5
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |