Semesters
DR201 Inn i teateret III: Skodespelarteknikk og regi
60 stp i drama/teater der teaterhistorie må vere ein del av pensum.
Emnet byggjer vidare på Inn i teatret I og II og er ei og fordjuping i sentrale tema i skodespelarkunst og regi.
Studentane vil jobbe med:
- Regi
- Skodespelarteknikk i det moderne teateret (frå 1900).
- Teateropplevingar.
- Teaterproduksjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om sentrale teaterfaglege metodar, verkty og prosessar.
- har kunnskap om sentrale skodespelartradisjonar og teaterfornyarar.
- har kunnskap om utvalde retningar innan regikunst.
Studenten
- kan nyttiggjere seg teaterkunnskap i praktisk og teoretisk arbeid.
- kan bruke teaterfaglege teknikkar i kunstnarleg formidling.
- kan reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing.
Studenten
- kan rettleiie andre i praktisk arbeid.
Undervisinga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid. I forkant av teaterproduksjonen avvikles fleire seminar, workshops, førelesinger og gruppearbeid som førebuing til arbeidet. Det vil arrangerast obligatoriske framføringar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
I teaterproduksjonen vil faglærar fungere som regissør, og studentane skal jobbe med både skodespel og anna produksjonsarbeid, som td. lys, lyd, scenografi, kostyme og PR.
- Studenten må også delta på 2-3 teaterframsyningar, til eigen kostnad.
Frammøtekrav:
- Emnet forutsett aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav:
Ei individuell skriftleg oppgåve knytt til fagteori (2500 ord)
Eit praktisk arbeid knytt til regi (oppgåve gitt av faglærar)
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlevering av manus gir ei avgift på 100,- per manus.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual or Group exam | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Scenisk framføring med vekt på skodespelaren, individuelt eller i gruppe over ei 4 veker lang periode. Etterfølgjande samtale omkring teaterproduksjonen og fagteori med sensor og faglærar på omlag 20 minutt. |