Semesters
DR202 Bacheloroppgåve i drama/teater
90 stp. drama/teater, med minst 15 stp. på fordjupingsnivå.
Bacheloroppgåva skal vere basert på eit kunstnarleg forskingsprosjekt i teaterfaget.I arbeidet med oppgåva skal studenten arbeide sjølvstendig og vise fagleg fordjuping og god presentasjon av valt tema.
Studentane skal m.a.:
- få ei innføring i vitskapleg metode, vitskapsteori og filosofi.
- fordjupe seg i eit tema.
- velje ut og bearbeide ei problemstilling.
- samle inn og vurdere kjelder og litteratur.
- presentere tematikken i ein kunstarleg og/eller pedagogisk presentasjon.
- skrive ei oppgåve med fokus på fagfeltet drama- og teater.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført enme:
Studenten:
- har kunnskap om teatervitskaplege grunnlagsproblem
- kan reflektere kritisk og systematisk innan fordjupingsemnet
- har kunnskap om utvalde forskingsmetodar innan fagfeltet
Studenten:
- kan gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid innan fagfeltet og finne fram til relevant litteratur
- kan formulere og utforske ei egna problemstilling
- har skrivetekniske ferdigheiter som førebuing til ei evt. masteroppgåve seinare
Studenten
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
Undervisninga er eit samspel mellom førelesingar, seminar og sjøvstendig arbeid. Studiet gjev eit felles obligatorisk innføringskurs i teori og metode med alle bachelorstudentane ved Avdeling for kulturfag. Bacheloroppgåva er basert på sjølvstendig individuelt arbeid under obligatorisk rettleiing av faglærar. Det vert også gjeve rettleiing på det praktiske/kunstnariske arbeidet.
- Studenten må også delta på 1-2 teaterframsyningar, til eigen kostnad.
a) Frammøtekrav:
- Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav:
- Ei mappe med innlevering av: problemområde, forskingssørsmål, problemstilling, oversikt over kva kjelder og litteratur oppgåva skal byggje på, innleiing, og disposisjon av oppgåva .
- Eit praktisk-teoretisk seminarinnlegg der forskingsprosjekt og metoder vert presentert.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Det er inga materialavgift på dette emnet.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bachelor's thesis | Individual | 6-8 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Alle. | 5-7000 ord. | ||
Praktisk eksamen | Individual or Group exam | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ei praktisk framføring der ei problemstilling utforskast, i td. ein workshop, ei framsyning eller eit pedagogisk undervisingsarbeid, med ein etterfølgjande samtale med faglærar, rettleiar og sensor på omlag 20 minutt. Den praktiske eksamen får felles karakter med bacheloroppgåva. | Alle | 6-8 veker |
Oppgåva får felles karakter med den praktiske eksamen.