Semesters
DRUSK903 Forskingsmetodar
Ingen.
Hovudmålet med ph.d.-emnet er å gje kandidatane inngåande kunnskap om og kjennskap til kvalitative og kvantitative forskingsmetodar og til mixed methods. Det vert forventa at kandidatane skaffar seg innsikt i ein del klassiske og nyare metodiske verktøy som set dei i stand til å argumentere for dei metodane dei vel å bruke i eiga forsking. Dei skal også lære å planlegge og utføre analysar av ulike datakjelder som intervju, samtalar, observasjon, skriftlege tekstar og spørjeundersøkingar. Ulike forskingsmetodiske moglegheiter, avgrensingar og særpreg ved ulike tilnærmingar vil verte vektlagde.
Innafor den kvalitative delen av emnet vil forståing av livsverda med grunnlag i språk og handlingar vere sentralt. I analyse av samhandling og sosiale prosessar vert det lagt vekt på handlingspremissar og aktørane si eiga situasjonsforståing. Det vert vidare lagt vekt på å forstå sosiale prosessar og samhandling både som relasjonar og i kulturell kontekst. I den kulturelle konteksten fokuserer ein på tanke- og kommunikasjonsmønster som situasjonar og hendingar vert tolka og evaluert i forhold til, medan ein i den relasjonelle tilnærminga ser på samhandling mellom aktørar som inngår i nettverk av sosiale relasjonar.
Den kvantitative delen vil gje kandidatane kunnskap om og kjennskap til sentrale tema i kvantitativ metodikk, med særleg fokus på validitetsspørsmål (konstruksjonsvaliditet, statistisk validitet, intern og ekstern validitet) ut frå ulike typar slutningar basert på empirisk forsking (tolkingar, årsaksslutningar og generaliseringar) i samfunnsvitskap. Validitetsspørsmål vil verte diskuterte i forhold til teoriar om sanning samt forskingsdesign og statistiske analysar. Det ontologiske og epistemologiske grunnlaget for kvantitativ forsking vert presentert, med vekt på kritisk realisme.
Innafor mixed methods design får kandidatane utvikle kunnskap om paradigmestriden mellom kvalitativ og kvantitativ forsking og korleis dette har vore med på å danne den forskingsmetodiske tilnærminga Mixed Methods. Ulike Mixed Methods forskingsdesign som kan nyttast innafor språk, kultur og utdanning vil verte presenterte.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal
- vere i kunnskapsfronten om korleis kvalitativ og kvantitativ metode som forskings- og analysemetode kan brukast i studiar, med og utan mixed methods forskingsdesign
- kunne analysere fordelar og ulemper, så vel som avgrensingar, ved kvantitativ- og kvalitativ forskingsmetode og Mixed Methods forskingsdesign.
- ha forståing på høgt nivå om spørsmål relatert til validitet/truverd innafor kvalitativ-, kvantitativ og mixed methods forsking
Kandidaten skal
- kunne formulere problemstillingar for å planlegge og gjennomføre forsking på sentrale område innafor enten kvalitativ, kvantitativ eller mixed methods
- kunne forklare særpreg og kritisk vurdere styrker og utfordringar med kvalitativ- og kvantitativ forskingsmetode og mixed methods forskingsdesign
- kunne argumentere og drøfte tenlege analysemetodar innafor både kvalitativ- og kvantitativ metode og mixed methods forskingsdesign
Kandidaten skal
- kunne identifisere og reflektere rundt ulike moglegheiter og utfordringar i utvikling av forskingsdesign med utgangspunkt i kvalitativ, kvantitativ og mixed methods forsking
- kunne identifisere styrker og utfordringar ved forskingsprosjekt med utgangspunkt i anten mixed methods, kvalitativ- eller kvantitativ tilnærming
- kunne nytte teori om validitet/truverd innafor kvalitativ- kvantitativ og mixed methods forsking
På seminardagar vil m.a. presentasjon av forskingsprosjekt med bruk av kvalitativ-, og kvantitativ metode med og utan Mixed Methods design som er publiserte i internasjonale, fagfellevurderte tidsskrift utgjere ein del av læringsprosessane i emnet. Det er ein føresetnad at kandidaten deltek aktivt på seminaropplegget i diskusjonar rundt val og bruk av ulike forskingsmetodar. Undervisninga er samlingsbasert.
Kandidatane presenterer og diskuterer forskingsdesign og val av statistiske analysemetode(r) for medkandidatar og faglærar både ut frå eige prosjekt og tidlegare publiserte studiar.
Frammøtekrav:
Det er krav om 80 % deltaking i undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6.
Arbeidskrav:
- Kandidaten skal gjennomføre ein munnleg presentasjon av forskingsprosjekt som er publiserte i fagfellevurderte tidsskrift - med vekt på forskingsmetodar.
- Kandidaten skal levere inn utkast til ein poster som presenterer eige forskingsprosjekt. Denne posteren skal synleggjere forskingsspørsmål, kunnskapsgrunnlag og forskingsmetode for innsamling og analyse av data. Posteren skal etter avslutninga av emnet leverast inn som eksamensoppgåve til ein viss tidsfrist.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 1 Semester | Pass / fail | 100 % |
Posteren skal vere publiserbar, slik at han eventuelt seinare kan nyttast i konferansesamanheng.