Semesters

ENG1B-17KFK Engelsk 1B (1-7)

Course code: 
ENG1B-17KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
English
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet er andre del av studiet Engelsk 1 for 1.-7. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Emnet gir ei innføring i språkopplæring og fagdidaktikk med spesiell vekt på begynnaropplæring i engelsk. Dette omfattar kunnskap om korleis språket er bygd opp og bruk av ulike tekstar i barneskulen. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt. Emnet omfattar engelskundervisning for heile barneskulen, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. I tillegg dreier emnet seg om varierte aktivitetar og metodar for engelskopplæringa, inkludert tverrfagleg undervisning og læring.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om lydsystemet i engelsk med vekt på forskjellar og likskapar mellom engelsk og norsk
  • har grunnleggjande kunnskap om engelsk syntaks med vekt på forskjellar og likskapar mellom engelsk og norsk
  • har kjennskap til ulike læremiddel, digitale ressursar og lærebøker som kan brukast i opplæringa
  • har forståing for det læringspotensialet som ulike læringsarenaer, til dømes digitale ressursar og media, representerer i barneskulen
  • har kunnskap om tilpassa språkopplæring for den aktuelle aldersgruppa og om utfordringar i samband med overgangar mellom begynnarstadiet, mellomsteget og ungdomssteget
  • har kunnskap om ulike internasjonale og nasjonale prøver og kartleggingsverktøy
  • har kunnskap om vurderingsverktøy og vurderingsformer som fremjer språkutvikling
  • kjenner nokre trekk ved kulturar og samfunn i engelsktalande land
  • kjenner eit utval tekstar i ulike sjangrar og medier for born og unge 
Learning outcome skills

Studenten kan

  • bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar. Dette emnet vektlegg særleg munnleg språkbruk og lydsystemet i engelsk
  • bruke normer for akademisk tekstproduksjon
  • bruke kunnskap om engelsk lyd- og grammatisk system til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
  • kritisk vurdere lærebøker, digitale ressursar og andre læremiddel til bruk i opplæringa
  • sjå samanhengar mellom engelskfaget og andre fag, og planleggje og gjennomføre tverrfagleg undervisning
  • vurdere og bruke digitale verktøy og tilnærmingar i arbeidet med å fremje språklæring og formidling av fagstoff
  • planleggje, rettleie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa når det gjeld ulike behov, og ulik kulturell og språkleg bakgrunn
  • utøve ein heilskapleg og læringsorientert vurderingspraksis
  • leggje til rette for elevane sitt arbeid med utforsking av levesett, samfunnsforhold og kulturuttrykk i engelsktalande land.
  • bruke eigen litterære og analytiske kompetanse til å reflektere over tekstar av ulikt slag
  • leggje til rette for elevars arbeid med litteratur, sakprosa og film
Learning outcome qualification

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • bruke kjelder etisk og kritisk
Working and learning activities

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett og to 2-dagarssamlingar i Volda. Det er obligatorisk oppmøte til alle samlingar (sjå under vilkår for å framstille seg til eksamen). Nokre arbeidskrav fordrar at studenten skaffar seg tilgang til ei eller fleire skuleklasser i grunnskulen og eit lærarkollegium, dersom studenten ikkje alt arbeider i grunnskulen

Assessment requirements

Frammøtekrav: 

Obligatorisk frammøte til samlingane. Sjå forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda:  http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6. 

Arbeidskrav:

Studentane skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • Eitt skriftleg arbeidskrav i didaktikk (1200-1500)
  • Eitt skriftleg arbeidskrav i språk (tal på ord ikkje relevant)
  • Eitt skriftleg arbeidskrav i kultur (1200-1400 words)
  • Ein munnleg presentasjon (i eit lærarkollegium)

Eitt eller fleire av arbeidskrava vil innebere ein prosess med kunnskapsdeling innan studenten sitt kollegamiljø. Oppgåvene er obligatoriske og skal leverast til fastsett frist. Studentane får tilbakemelding på arbeida sine. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Åsa Sundnes Bruheim
Used in other programs
  • English 1 for Teachers years 1-7 - Compentence for Quality
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Eksamen vil vere ei prøve både på pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Mappa skal innehalde dei tre skriftlege arbeidskrava i revidert form og eit refleksjonsnotat.
Adjusting oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Eksamen har éin førebudd og ein uførebudd del, og dekkjer berre tema som ikkje er dekka i mappa. Pensumkunnskap tel noko meir enn språkbruk.
Eksamen har tre delar og dekkjer språk, kultur og didaktikk
Approval signature: 
Arne Myklebust