Semesters

FAKH203 Visuell kommunikasjon II

Course code: 
FAKH203
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
Assessment semester: 
2016 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

FAKH101 og FAKH108

Course content

Visuell kommunikasjon II er eit obligatorisk emne i studieprogram Faglærerutdanning i Formgiving, kunst og handverk. Emnet byggjer vidare på det faglege nivået som emnet FAKH101 Visuell kommunikasjon gir, og utviklar djupare innsikt i, og forståing for, visuell kommunikasjon. Det vert lagt vekt på kunnskap om formalestetikk, der form, farge, komposisjon, teikn, typografi og teori knytt til visuell kommunikasjon, er ein viktig del av undervisninga. Gjennom skapande arbeid lærer studenten å bruke det visuelle språket i ulike kommunikasjonsprosessar. Oppgåvene skal gje studentane kunnskap om, og ferdigheiter i, ulike teknikkar og metodar, for å kunne jobbe strategisk med kommunikasjon i ein stadig større mediekvardag.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifiksajonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har kunnskap om visuelle verkemiddel som form, farge, komposisjon og typografi
  • har kunnskap om ulike reiskapar, materiale og teknikkar i arbeid med visuell kommunikasjon
  • har kunnskap om teikning som visuelt språk
  • har kunnskap om skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • har kunnskap om bruk av visuelle verkemiddel i utviklinga av ein visuell identitet
  • har kunnskap om ide- og konseptutvikling
  • har kjennskap til etiske problemstillingar knytt til ulike kommunikasjonskanalar
  • har kjennskap til visuell kvalitet knytt til ulike kommunikasjonskanalar
  • har kunnskap om visuell språkteori                                                                                                                                                                                                                                                                         
  • har kunnskap om samanhengen mellom visuell kommunikasjon, skule og samfunn
Learning outcome skills

 

Studenten:

  • kan bruke form, farge, komposisjon og typografi i eigne skapande prosessar, og kan reflektere rundt desse i eige og andre sitt arbeid
  • kan bruke ulike reiskapar, materiale og teknikkar i arbeid med visuell kommunikasjon
  • kan bruke teikning som visuelt språk
  • kan bruke skisser aktivt i ein kreativ prosess
  • kan bruke teori knytt til visuell identitet i eigne skapande prosessar
  • kan arbeide i ein prosess frå ide/konsept til ferdig produkt
  • kan vurdere og reflektere rundt etiske problemstillingar knytt til ulike kommunikasjonskanalar
  • kan vurdere og reflektere rundt visuell kvalitet knytt til ulike kommunikasjonskanalar
  • kan sjå samanhengen mellom visuell språkteori og det praktisk skapande arbeidet 
  • kan sjå samanhengen mellom visuell kommunikasjon, skule og samfunn
Learning outcome qualification

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • har evne til å bli aktive aktørar og kritiske deltakarar i det offentlege, visuelle rommet
  • har evne til å grunngje eigne og andre sine visuelle uttrykk ut frå ein fagleg ståstad
  • har innsikt i og forståing for visuell kommunikasjon som skulefag
  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og bærekraftig utvikling
Working and learning activities

Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid, med utgangspunkt i ulike tema, verkty og teknikkar. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, individuell oppgåveløysing, gruppearbeid og sjølvstudium. Det vert forventa at studentane i stor grad tek ansvar for eiga læring gjennom studentaktive arbeids- og undervisningsformer. Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.

Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.

Assessment requirements

Arbeidskrav: Tre praktiske arbeid, lagde fram innan fastsett first. Ein skriftleg refleksjon på omlag 800 ord.

Frammøte: Det er obligatorisk frammøte og deltaking i all undervisning, jmf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide  på ein slik måte at medstudentar og lærar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
-
Person in charge: 
Åshild Sævik
Expenses

Studentane betaler ei materialavgift på kr 300 til innkjøp av fellesmateriale, samt supplering av utstyr i spesialrom. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt utgifter til fargeprint.

 

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Praktiske oppgåver med skriftleg refleksjon, der oppgåveteksten bed om det.
Ein overordna skriftleg sluttrefleksjon på omlag 1000 ord.
Studenten skal ha ein individuell karakter på vitnemålet.
Skriftleg sluttrefleksjon på om lag 1000 ord.