Semesters

FAKHPRA3 Praksis 3, 20 dagar

Course code: 
FAKHPRA3
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Praksis 3, 20 dagar
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Praksis 3, 20 dagar
Assessment semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

FAKHPRA1 og FAKHPRA2

Course content

Planen for praksisopplæringa er tematisk samordna med planen for Pedagogikk og fagdidaktikk. Praksisplanen for tredje året byggjer på plan for fyrste og andre året, og i vurdering av praksis vil difor målsetjingar frå desse studieåra vere med. Praksisopplæringa vil i kombinasjon med dei andre emna gjere at studentane vert utfordra til å utvikle seg som lærarar med gode kunnskapar for å meistre formidlarrolla. Tredje studieår kan praksis bli lagt til grunnskulen 8. – 10. steg, vidaregåande skule, kulturskule eller annan institusjon knytt til fagleg og kulturelt formidling til barn, unge og vaksne.  

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

                                                                                                      

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har god fagkunnskap innan praksisplassen sitt formidlingsområde
  • har kunnskap om praksisplassen som organisasjon, rammefaktorar, styringsstruktur
  • har kunnskap om samarbeidssituasjonar med kollegaer, elevar, føresette og eksterne instansar
  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid ved praksisplassen har kunnskap om aktuelle kvalitetssystem 
  • har kunnskap om aktuelle kvalitetssystem 
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere formidlings-/ undervisningsopplegg, samt leie barn, unge og vaksne i skapande arbeid
  • kan bruke aktuelle styringsdokument som utgangspunkt for pedagogisk verksemd
  • kan gjere seg nytte av lokalt arbeids-, kultur- og samfunnsliv i formidlinga
  • kan samhandle med kollegaer, leiing og andre aktørar knytt til praksisplassen
  • kan bruke forskingsbasert kunnskap som utgangspunkt for endring og utvikling i skule 
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan kommunisere og analysere profesjonsetiske dilemma
  • kan stimulere til forståing av praksisplassen sitt verdigrunnlag
  • har god yrkesetisk og relasjonell kompetanse
  • har utvikla endrings- og utviklingskompetanse
  • har god fag- og fagdidaktisk kompetanse
  • har god forståing for verdien av kunst og kultur i skule og samfunn
Working and learning activities

Studentane blir inndelte i praksisgrupper på 3-4 studentar som blir knytte til ein praksisskule eller institusjon med praksislærar / praksisrettleiar, samt ein basisgruppeleiar frå fagmiljøet på høgskulen. Praksisen vil vere delt i to periodar, 10 dagar i haustsemesteret 10 dagar i vårsemesteret. Alle studentane vil få praksiserfaring både frå skule og institusjonar som driv formidling og opplæring knytt til kunst - og handverkfagleg arbeid med barn, unge og vaksne. I forkant og i etterkant av praksisperiodane vil det verte sett av tid til førebuing og etterarbeid relatert til det konkrete praksisarbeidet. 

Ein sentral del av formidlingspraksisen, vil det i det tredje studieåret, lagt vekt på skulen/arbeidsplassen som organisasjon, det profesjonelle fellesskapet og samarbeid med føresette og sentrale instansar utanfor skulen. Det vert arbeidd vidare med formidlingsrolla og kva plass faget kunst og handverk har i skule og samfunn.

Praksislærar/rettleiar skal forvente progresjon av studenten frå 2. til 3. studieår og gjennom heile 3. året. Det blir stilt større krav til studenten sitt sjølvstendige arbeid og refleksjon over mål, måloppnåing og tilbakemelding. Studenten skal individuelt og sjølvstendig planleggje, gjennomføre og evaluere opplegg som går over fleire timar og dagar. Praksis kan bli lagd til praksisplassar utanfor Volda. Reiser til og frå praksis må dekkast av studenten sjølv. Dersom daglege reiseutgifter i samband med praksis overstig dei daglege reiseutgiftene til ordinær undervisning, kan du søke om tilskot til dekking av meirutgifter etter gjeldande retningslinjer.

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte til praksis og praksisførebuing. JF § 4-6. Obligatorisk frammøte/deltaking https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4

Arbeidskrav knytt til 1. praksisbolk: Med utgangspunkt i praksis skal du sirkle inn ein mogeleg tematikk for ei bacheloroppgåve. Oppgåva er individuell og skal presenterast som digital poster.   

Arbeidskrav knytt til 2. praksisbolk: Ingen

Evaluation

Vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
-
Person in charge: 
Thorstein Vasset
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
20 Days
Pass / fail
Praksis skal ha sluttvurdering etter 1. og 2. praksisbolk på eige vurderingsskjema. Vurderinga skal leggjast fram for studenten for signering på at informasjon om vurdering er gitt.