Semesters

GL1-7ENG1B Engelsk 1B

Course code: 
GL1-7ENG1B
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
English
Required prerequisite knowledge

Eksamen i GL1-7ENG1A Engelsk 1A må vere bestått før studenten kan gå opp til eksamen i Engelsk 1B.

Course content

Engelsk 1 for 1.-7. trinn gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk med spesiell vekt på begynnaropplæring i engelsk. Dette omfattar kunnskap om korleis språket er bygd opp og bruk av ulike tekstar i barneskulen. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt. Emnet omfattar engelskundervisning for heile barneskulen, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. I tillegg dreier emnet seg om varierte aktivitetar og metodar for engelskopplæringa i grunnskulen.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge
  • Språk:
    • Studenten har grunnleggjande kunnskap om lydsystemet i engelsk med vekt på forskjellar og likskapar mellom engelsk og norsk
  • Didaktikk 
    • Studenten har kjennskap til ulike læremiddel og lærebøker som kan brukast i opplæringa 
    • Studenten har forståing for det læringspotensialet som ulike læringsarenaer, til dømes digitale media, representerer i barneskulen 
    • Studenten har kunnskap om tilpassa språkopplæring for den aktuelle aldersgruppa 
    • Studenten har kunnskap om ulike internasjonale og nasjonale prøver og kartleggingsverkty
    • Studenten har kunnskap om vurderingsverkty og vurderingsformer som fremjer språkutvikling.
  • Kultur
    • Studenten kjenner nokre trekk ved kulturen i engelsktalande land.
    • Studenten kjenner eit utval litterære tekstar for born og unge i ulike sjangrar. 
Learning outcome skills
  • Språk
    • Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar. Dette emnet vektlegg særleg munnleg språkbruk og lydsystemet i engelsk
    • Studenten kan bruke kunnskap om engelsk lydsystem til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
  • Didaktikk
    • Studenten kan kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i opplæringa
    • Studenten kan bruke digitale verkty i arbeidet med å fremje språklæring og formidling av fagstoff
    • Studenten kan planleggje, rettleie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa når det gjeld ulike behov, og ulik kulturell og språkleg bakgrunn
    • Studenten kan utøve ein heilskapleg og læringsorientert vurderingspraksis
  • Kultur
    • Studenten kan leggje til rette for elevane sitt arbeid med utforsking av levesett og kulturuttrykk i engelsktalande land.
    • Studenten kan bruke eigen litterære kompetanse til å reflektere over tekstar av ulikt slag
    • Studenten kan leggje til rette for elevars arbeid med litterære tekstar.
Learning outcome qualification
  •  Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Working and learning activities

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697

Assessment requirements
  • Eit studieopphald i utlandet, vanlegvis ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York. For studentar som ikkje har høve til å gjennomføre dette studieopphaldet, kan det erstattast med ei skriftleg oppgåve på 750 ord over oppgitt tema.
  • Ei skriftleg oppgåve på til saman 1500 ord (kultur og didaktikk)
  • Ein munnleg presentasjon (10 min) (språk)

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist.
Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava.
Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation system

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Kjetil Arve Myskja
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade