Semesters

GL1-7KOH1A Kunst og handverk 1, Design og arkitektur

Course code: 
GL1-7KOH1A
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Kunst og handverk 1, Design og arkitektur
Teaching semester: 
2018 Autumn
2019 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Kunst og handverk 1, Design og arkitektur
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet skal kvalifisere for undervisning i grunnskulen, trinn 1-7 i Kunst og handverk og tek opp i seg kompetanseområda arkitektur og design i kunnskapsløftet. Studenten skal tileigne seg kompetanse som er viktig for å ivareta og utvikle kvalitet i det fysiske miljø, både inne og ute, og kunne nytte dette i arbeid med barn. Undervisningskompetanse i Kunst og handverk omfattar solid fagkunnskap, fagdidaktikk, kunnskap om varierte arbeidsmåtar og den teoretiske bakgrunnen for desse. Emnet har som mål å gi eit læringsutbyte retta mot kompetansemåla i den til ei kvar tid gjeldande nasjonale rammeplan. Dei faglege tema er profesjonsretta og vil, saman med dei tre andre faga, vere i lag om praksis under felles yrkesrelaterte tema. Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

• har god kunnskap om planlegging og gjennomføring av undervisning for klassestega 1-7

• har god kunnskap om vurdering knytt til praktisk skapande arbeid

• har kjennskap til hovudtrekk i Kunst og handverksfaget si historie, grunngjeving, innhald og metodar

• har god kunnskap om materialar, teknikkar og reiskapar som er tenlege i arbeid med design og arkitektur i skulen og i samsvar med reglement for verkstadtryggleik

• har solid kunnskap om visuelle verkemiddel, form og funksjonsanalyse• har kjennskap til hovudretningar innan design og arkitektur, nasjonalt og internasjonalt, deriblant den samiske kulturarven

Learning outcome skills

 Studenten:

• kan planlegge og gjennomføre undervisning, legge til rette for tilpassa opplæring og formulere oppgåver som fremjar grunnleggande tame i kunst og handverk

• har vurderingskompetanse i høve eige og andre sitt arbeid, frå eit læringsorientert perspektiv

• kan presentere og formidle fagstoff og eige arbeid, og nytte denne kunnskapen i yrkesutøvinga som lærar

• kan utvikle ein idé til ferdig form og dokumentere og vurdere eigen skapande prosess. Kan bruke enkle analyseverkty

• kan byggje vidare på uttrykksformer frå ulike kulturar og nærmiljø, deriblant den samiske, og nytte dette som ressurs for eige skapande arbeid, organisert læring og elevarbeid

• kan bruke, eksperimentere og velje ut hensiktsmessige materialar, teknikkar og verkty som eignar seg for oppgåver på barnetrinnet, vise praktisk handlag og gjennom dette vere ein god rollemodell for elevane.  

Learning outcome qualification

 Studenten:

• kan bruke kunst og handverk i tverrfaglege tema- og prosjektarbeid og ta vare på den estetiske dimensjonen i opplæringa

• kan utnytte faget sitt potensiale når det gjeld gjenbruk og bærekraftig utvikling • kan diskutere undervisning og læring, fag og elevar i lys av profesjonelle og yrkesetiske perspektiv

• skal kunne vurdere eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking.

Working and learning activities

Emnet ligg til første studieåret og er organisert i to fagmodular, som er design og arkitektur. Desse har ulikt omfang.

Emnet tek opp i seg dei 4 profesjonsretta fellestema: 1: Om å vere lærar, 2: Om arbeidet i skulen, 3: Læring og undervisning, 4: Tilrettelegging for eleven si læring og utvikling. Desse fellestema er knytte opp mot praksis med felles innføring, etterarbeid og innlevering av arbeidskrav.

Emnet er i hovudsak konsentrert om praktisk verkstadarbeid innan materialområda tre, leire og tekstil. Studenten arbeider individuelt eller i grupper med faglege problemstillingar relatert til grunnskulen.

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, individuelt verkstadundervisning med rettleiing, og gruppearbeid. Fråversføringa er tredelt der fråværsprosenten vert rekna av kvar av dei fylgjande delane: Arkitektur, Design-tre, Design-tekstil-leire.

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6. 

Evaluation system

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
14
Maximum number of students: 
18
Person in charge: 
Rita Slotterøy
Expenses

Studentane betaler ei materialavgift på kr 500,- til innkjøp av fellesmateriale, samt supplering av utstyr i spesialrom. Studenten må sjølv kjøpe materialer til eksamensoppgåva samt noko personleg utstyr og materiall. Liste over dette vert delt ut ved semesterstart.

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
70
Mappe med praktiske oppgåver frå dei to fagmodulane design og arkitektur. Begge oppgåvene skal innehalde prosessdokumentasjon og fagdidaktisk refleksjon.
Det vert gitt ein samla sluttkarakter i emnet.
Written Exam
Individual
3 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
30
Skriftleg skuleeksamen i fagdidaktikk og teori.