Semesters
GL1-7MAT1A Matematikk 1A
Ingen
Emnet omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglege tema som er viktige for alle som skal undervise matematikk i grunnskulen.Saman med emnet GL1-7MAT1B utgjer dette den obligatoriske delen på 30 studiepoeng i matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. steget. Emnet kan også utgjere dei 15 første studiepoenga av 60 studiepoeng i matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 1.-7.- årssteget.
For å nå måla om læringsutbytte for emnet vert mellom anna følgjande innhald vektlagt;
- tal og talforståing; til dømes talsystem i ulike kulturar, posisjonssystem, rekneartane (aritmetikk), brøk, prosent, måling
- algebra; til dømes overgangen frå aritmetikk til algebra, algebra og likningar
- læringsteoriar i matematikk
- arbeidsmåtar og metodar i klasserommet
- grunnleggjande ferdigheiter i matematikk
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med, særleg talforståing og rekning, overgangen frå aritmetikk til algebra
- har kunnskap i algebra og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet på mellomsteget
- har undervisningskunnskap om betydinga av rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle skulefag
- har kunnskap om å uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykke seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikkfaget
- har kunnskap om ulike teoriar for læring, og om samanheng mellom læringssyn og fag- og kunnskapssyn
- har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
- har kunnskap om matematikken si historiske utvikling, særskilt utviklinga av talomgrep og talsystem.
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på mellomsteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
- har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
- kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
- kan kommunisere med elevar, enkeltvis og i ulike gruppesamansettingar, lytte til, vurdere og gjere bruk av elevane sine innspel, og institusjonalisere kunnskap
- kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring.
Studenten
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
- viser evne til refleksjon og kritisk tenking
Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan inndelast slik: sjølvstudium, utforsking og problemløysing, oppgåveløysing og drøfting, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar. Som ein del av emnet vert døme på faglege og didaktiske utfordingar henta frå studentane sine praksisperiodar løfta fram og arbeidd med. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet.
Krav om frammøte: Det er obligatorisk frammøte på alt som er timeplanfesta på semesterplanen.
Arbeidskrav: Arbeidskrava vert tidfesta i semesterplanen. Studentane har to forsøk på kvart arbeidskrav:
- Ei skriftleg kartleggingsprøve på to timar. Vilkår: Gjennomføring.
- To didaktiske refleksjonsoppgåver på 500-1000 ord. Vilkår: Vurdert til godkjent.
- Ei skriftlege semesterprøver på tre timar. Vilkår: Vurdert til godkjent.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Teacher Qualification 1.-7. grade
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | LK06, kalkulator og eitt handskrive A4-ark med eigne notat |