Semesters
GL1-7MAT1A Matematikk 1A 1-7
Ingen
Emnet omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglege tema som er viktige for alle som skal undervise matematikk i grunnskulen. Emnet utgjer saman med GL1-7MAT1B den obligatoriske matematikkdelen av grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. steget. For å nå måla om læringsutbytte for emnet vert mellom anna følgjande innhald vektlagt; tal og talforståing; til dømes talsystem i ulike kulturar, posisjonssystem, rekneartane (aritmetikk), brøk, prosent, måling algebra; til dømes overgangen frå aritmetikk til algebra, algebra og likningar læringsteoriar i matematikk arbeidsmåtar og metodar i klasserommet grunnleggjande ferdigheiter i matematikk.
-
Studenten
- har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med, særleg talforståing og rekning, overgangen frå aritmetikk til algebra
- har kunnskap i algebra og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet på mellomsteget
- har undervisningskunnskap om betydinga av rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle skulefag
- har kunnskap om å uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykke seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikkfaget
- har kunnskap om ulike teoriar for læring, og om samanheng mellom læringssyn og fag- og kunnskapssyn
- har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
- har kunnskap om matematikken si historiske utvikling, særskilt utviklinga av talomgrep og talsystem.
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på mellomsteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
- har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
- kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
- kan kommunisere med elevar, enkeltvis og i ulike gruppesamansettingar, lytte til, vurdere og gjere bruk av elevane sine innspel, og institusjonalisere kunnskap
- kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring.
-
Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan inndelast slik: sjølvstudium, utforsking og problemløysing, oppgåveløysing og drøfting, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar.Som ein del av emnet vert døme på faglege og didaktiske utfordingar henta frå studentane sine praksisperiodar løfta fram og arbeidd med. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet. Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.
- Tre didaktiske refleksjonsoppgåver. Omfanget på kvar oppgåve skal vere på 500-800 ord. Innleveringstidspunkt for oppgåvene vert gitt i semesterplanen.
- To skriftlege prøver, kvar på tre timar. Dato for prøvene vert gitt i semesterplanen.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | LK06, kalkulator og eitt handskrive A4-ark med eigne notat |